hareid_il_logo_135.png









 
12.09. Stranda - Hareid 2-2: Deja vu på Mona
Alexander Nevstad vart utvist etter ein tilsynelatande fair duell med Ronnie Furset.
Alexander Nevstad vart utvist etter ein tilsynelatande fair duell med Ronnie Furset.

I 2012 mista Hareid to poeng borte mot Stranda fire minutt på overtid etter ei dødballscoring der ballen sneik seg heilt oppe i lengste hjørne. I dag skjedde nøyaktig det same.

Men der stoppar vel også dei aller fleste likskapane mellom dei to kampane. For 2012-kampen - som var ganske traust og enda 1-1 - var ingenting i forhold til den elleville kampen som var servert på "Mona" denne fredagskvelden.

Stopparar stod over

La oss starte med starten: Som om ikkje Hareid har mista nok spelarar i sommar måtte dessverre også dei to faste stopparane Martin Nikolai Longva og Ulrik Wingsternes stå over denne kampen grunna skadar. Med høgreback Robin Jackson Indreflø (karantene) også ute vart det derfor komponert eit heilt nytt forsvar beståande av Driksna, Howlid, Nevstad og Møller.

Kontroll første 40

Men dette forsvaret klarte seg heilt fint, det. Stranda skapte ikkje ein einaste sjanse dei første 40 minutta. Offensivt gjekk det i rykk og napp for Hareid, men tidvis var angrepsspelet rett så lekkert. Blant anna skaut Ola Kalvø Vattøy i stonga etter 12 minutt. Og i det 32. minutt bomma Runar Stranden åleine med Stranda-keeper.

Direkte raudt kort

Så, i det 41. minutt, skjedde noko som i stor grad kom til å påverke resten av kampen. Alexander Nevstad og Ronnie Furset hamna i ein tilsynelatande fair duell skulder mot skulder. Frå vår vinkel såg det ut som Furset sprang seg på Nevstad og derfor landa i bakken, og slik tolka nok dei fleste situasjonen. Men ikkje dommar Eldevik, som gav Nevstad direkte raudt kort. På den påfølgjande dødballen skapte Stranda sin første sjanse for dagen, men Vagn Scheide Mork redda greitt. Det gjorde han også då Stranda fekk ein bra sjansen på ein corner like før halvtid.

Møller stoppar

0-0 og 10 mot 11 var utgangspunktet før 2. omgang. Hareid hadde no trekt inn Joar Møller som stoppar, medan spissen Hiwa Alipoor vart flytta ned som venstreback.

Stranda tok naturleg nok over mykje av banespelet, men Hareid var langt frå ufarlege, og skapte vel så mykje som heimelaget også i 2. omgang. 

Fin Vattøy-scoring

Etter 54 minutt slo Eiliv-Tore Howlid ei fin langpasning til Ola Kalvø Vattøy, som frå 16 meter skrått scora på halvspretten. Men gleda var ikkje langvarig. Tidlegare Hareid-spelar Torgeir Rusten sette inn 1-1 på ei kontring seks minutt seinare. I det 62. minutt burde Hareid ha tatt tilbake leiinga. Runar Stranden la fint inn frå venstre, men frå to meter skaut Ola Kalvø Vattøy over. 

I det 73. minutt fekk Stranda straffe etter ein situasjon mellom Eiliv-Tore Howlid og Ronnie Furset. Torgeir Rusten skaut høgt over. Fire minutt seinare fekk Stranden til ei bra avslutning som ikkje var bra nok. 

Glede og skuffelse

Det låg an til å bli 1-1 på Mona. Men på overtid skjedde det aller meste. Først scora Vattøy igjen etter eit bra forarbeid av Stranden. Så, fire minutt etter den ordinære tida var ute, fekk Stranda innkast. Etter litt om og men fekk Torgeir Rusten pirka ballen oppe i det lengste krysset. Dermed 2-2.

Det siste som skjedde var at Vagn Scheide Mork fekk gult kort. Og gjett kva? Det same skjedde etter 1-1-målet til Stranda i 2012.

Ref. HIL

Kampfakta
4.-divisjon runde 16
Stranda - Hareid 2-2 (0-0)
Stranda stadion
Tilskodarar: 60
Mål: 0-1 Vattøy (54), 1-1 Rusten (60), 1-2 Vattøy (90+1), 2-2 Rusten (90+4)
Dommar: Rolf Eldevik, Ellingsøy IL
Gult kort Hareid: Mork
Raudt kort Hareid: Nevstad
Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork (K) - Nauris Driksna, Eiliv-Tore Howlid, Alexander Nevstad (til 41), Joar Møller - Runar Stranden, Simon Holstad Grimstad (Ivar André Aadland 81), Thor-Ove Brekke, Georg Eikrem Olsen - Ola Kalvø Vattøy, Hiwa Alipoor
*** Vattøy, ** Stranden, * Howlid

Børs: Mork 6, Driksna 6, Howlid 7, Nevstad 6, Møller 6, Stranden 7, Grimstad 6, Brekke 6, Olsen 6, Vattøy 7, Alipoor 6.

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR