hareid_il_logo_135.png









 

12.03. LGFK - HAREID 1-4: MYKJE BRA OG EIN DEL SVAKT

Hareid såg ut til å ha kome lengre med sesongførebuingane enn Larsnes/Gursken FK. I periodar viste Hareid fram mykje bra spel, og eit par av måla var det verkeleg klasse over.

Men ein del slurv trekker ned totalinntrykket litt. LGFK skapte ikkje veldig mange sjansar, men fekk eit par gratis som dei kunne og burde ha utnytta betre.

Ein av "gratissjansane" sette dei derimot i mål. Etter ca. eit kvarter fekk Johnny Moltubakk stå åleine og stonge inn ein corner. Utover i 1. omgang vart Hareid betre og betre. 1-1 var eit sjølvmål, medan 1-2 var ein flott soloprestasjon av Venthan Ketheeswaran.

I 2. omgang var Hareid det klart beste laget jamt over, og kunne ha scora fleire enn to. 1-3 kom eit vakkert angrep. Til slutt la Nauris Driksna til rette for Thor-Ove Brekke, som la ballen nede i lengste hjørne. 1-4 var signert Runar Stranden. 

"Alle" trudde Lars Roar Holstad scora sitt første mål etter comebacket, men truleg vart målet feilaktig annullert. Samtidig burde Rodriguez ha redusert for LGFK, men han fekk ikkje avslutta frå kort hald.

Alt i alt viste kampen at Hareid ser ut til å vere betre enn LGFK per dato. Men det er framleis ei god stund igjen av oppkøyringa. 

Vi legg merke til at gutekeeperen Sigve Overå Hide kom inn til sin a-debut, medan Ole Magnus Melchior spelte sin første Hareid-kamp sidan 2009 (spelte 1. omgang).

Kampfakta
Treningskamp, 12. mars
Larsnes/Gursken FK - Hareid 1-4 (0-2)
River plate kunstgras
Tilskodarar: 40
Mål HIL: Sjølvmål, Ketheeswaran, Brekke, Stranden
Dommar: Oddbjørn Aam, Åmdal IL
Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork - Ole Magnus Melchior, Eiliv-Tore Howlid, Ulrik Wingsternes, Robin Jackson Indreflø - Simon Holstad Grimstad, Alexander Nevstad, Jon André Thue, Runar Stranden - Venthan Ketheeswaran, Ola Kalvø Vattøy.
Inn i pausen: Georg Eikrem Olsen, Nauris Driksna, Thor-Ove Brekke.
Inn utover i 2. omgang: Sigve Overå Hide, Fredrik Andresen, Lars Roar Holstad, Hiwa Alipoor.

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR