hareid_il_logo_135.png









 

11.11. MØLLER OG BRANDAL HEIDRA FOR 25 ÅRS INNSATS FOR FOTBALLGRUPPA

15058797_10154517811925428_1916372263_n.jpg

Harald Møller og Odd Brandal har vore to trufaste slitarar for idrettslaget i fleire tiår. Og i år runda begge 25 år på Hareid IL Fotball sin administrative adelskalender. Berre Gunnar Aursnes er no fram Møller og Brandal på denne statistikken.

Fredag kveld hadde den såkalla seniorgruppa årsfest på klubbhuset. Og då fekk Møller og Brandal synlege bevis for innsatsen dei har lagt ned for gruppa i eit kvart århundre.

Alle medlemmane i gruppa fekk elles andre synlege bevis for innsatsen i 2016. Seniorgruppa møtest som regel kvar tysdag og gjer ulikt arbeid på stadionområdet. Fleire av medlemmane i seniorgruppa er også engasjerte i idrettslaget på andre måtar.

Det blir elles meldt om god stemning på klubbhuset i det vi no i 20-tida har fått tilsendt desse bileta. Leiv Arne Grimstad har nettopp halde eit artig kåseri om engelsk fotball. Så får vi sjå om kveldens landskamp, som karane også skal sjå på klubbhuset, blir like artig.

Alle foto: KA

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR