hareid_il_logo_135.png









 

11.06. 30 (!) MANN KLARE FOR SJUARFOTBALL I HAUST

Frå ei trening tidlegare i år.
Frå ei trening tidlegare i år.

Alle dei andre laga i sjuarserien for menn på Søre har godkjent at Hareid kjem inn med eit lag i haustsesongen. No har Hareid 2 raska saman ein bruttostall på heile 30 mann. Og torsdag ventar første test i ein treningskamp mot Gjerdsvika. 

Hareid 2 kom lovleg seint i gang i år, men har no hatt ni treningar. Det er sjølvsagt eigentleg altfor seint å melde på lag til seriespelet, men SFK godkjente at Hareid likevel kunne få stille eit sjuarlag i haust dersom alle andre motstandarane sa det var greitt. Og det har dei no gjort. Så til hausten kan vi glede oss til forrykande kampar mot lag som Hjørungavåg, Flø og Haddal.

Laget har skrapa saman heile 30 spelarar, noko som må seiast å vere imponerande. Men det er mange men her. Fleire er sjøfolk som er vekke 50 prosent. Andre kan aldri trene onsdag og torsdagar. Osv osv. 

Det ser no ut som Hareid 2 har 14 tilgjengelege spelarar til treningskampen mot Gjerdsvika torsdag, noko må seiast å vere bra. Det er så langt ukjent om den blir spelt som sjuar, niar eller 11-ar.

Hovudtyngda av stallen består av spelarar som var med på Hareid 2 (og 3) til og med sesongen 2017. I tillegg har nokre innflyttarar kome til, pluss nokre som har flytta heim etter å ha budd 15-20 år vekke. Nokre i stallen har spelt mykje fotball, andre nesten ingenting.

Det er veldig få unge i stallen, men Håvard Øvrelid og Andreas Rise (ikkje rapparen) er heiderlege unntak. 

Trenarar er Emil Johannes Dahlen Folkestad, Benjamin Slettebakk og Einar Orten Trovåg. Sistnemnde fungerer også som lagleiar.

Laget har ikkje eigen keeper. Men Christer Adrian Mork og Odd-Magne Brandal (og etter kvart Daniel Reite) kan stå i mål. 

Her kan sjå oversikt over heile stallen:

1 Daniel Reite
2 Martinus Warholm
3 Joachim Moldskred
4 Thomas Bøe Østrem
5 Benjamin Slettebakk
6 Terje Giskeødegård Balsnes
7 Vetle Jøsok Rasmussen
8 Emil J. D. Folkestad
9 Anders Hjelle Øiestad
10 Øyvind Grimstad Gryt
11 Einar Orten Trovåg
12 Christer Adrian Mork
13 Odd-Magne Brandal
14 Karol Jaszewski
15 Andreas Emdal Fure
16 Andreas (Håbakk) Rise
17 Fredrik Fagerli Abrahamsen
18 Jan Robin Haraldsvik
19 Sander Severin Moldskred
20 Håvard Øvrelid
21 Ole André Kragset
22 Magne K. Wingsternes
23 Per Ståle Nykrem
24 Joar Møller
25 Joakim Skarbø
26 Yonas Abay 
27 Simon Samuel
28 Fredrik Sundal 
29 Antoni Gardshol
30 Magnus Rise Sveen
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR