hareid_il_logo_135.png









 

10.05. Storsiger for Hareid G16 borte mot Hasundgot

Måltavla etter at kampen var ferdig spelt.
Måltavla etter at kampen var ferdig spelt.

Hareid sitt G16 lag vann i dag med heile 2-10 borte mot Hasundgot. Hareid var faktisk fleire klasser betre enn Hasundgot denne kampen. Dagens toppscorar var Sebastian Hansen Bjørlykke med heile 5 mål.

Dagens kamp var eigentleg ganske jamn dei 10-15 første minutta, men berre etter 6 minutt spelt blei det første av tolv mål scora. Då fekk Sebastian Hansen Bjørlykke ballen ca. 15 meter frå mål, derifrå skaut han med venstre ned i lengste, 0-1 til Hareid.

Jack Alme hospiterte med G16 laget i dagens kamp, og var svært god. Han stod blant anna bak 0-2 målet i det 18. minutt. Han slo nemleg ei fantastisk gjennombruddspassning til Pravin Selva som skaut via tverrliggaren og inn. Berre seks minutt seinare scora Sebastian Hansen Bjørlykke igjen frå skrå vinkel.

Det fjerde målet til Hareid kom etter nok ei fantastisk gjennombruddspassning til Sebastian Hansen Bjørlykke, han plasserte ballen vakkert i lengste kryss i det 36. minutt. Hareid gjekk inn til pause med 0-4 ledelse.

I 2. omgong pirka Sondre Holstad inn 0-5 etter berre 4 minutt spelt etter assist frå Sebastian H. Bjørlykke. To minutt seinare scora Hasundgot sitt første mål etter eit langskudd.

I det 50. minutt blei kveldens finaste mål scora. Det stod Christian Mork Breivik for, han dribla seg forbi fleire Hasundgot-spelarar før han skaut rett i venstre kryss frå 15-20 meter. Sju minutt seinare scora Hasundgot sitt andre og siste mål for kvelden, stillinga var då 2-6.

Etter 68 minutt spelt fekk Hareid ei soleklar straffe. Då tok Hareid å bytta inn ein spelar som er svært solid på straffer, nemleg Jena Jeyathas. Han viste alle korleis ei perfekt straffe skal takast, nemleg knallhardt oppe i venstre kryss. 

Berre minuttet seinare scora Sebastian H. Bjørlykke nok ein gong, og 2-8 ledelse til Hareid. I det 72. minutt viste Jena Jeyathas at han kan meir enn å score på straffe, for då lukta han ein retur frå keeper, og hadde ein enkel jobb med å pirke ballen i mål til 2-9.

To minutt seinare avslutta Sebastian H. Bjørlykke kvelden med sitt femte mål, og stillinge blei til slutt 2-10. 

Hareid G16 varta altso opp med ein veldig imponerande storsiger borte mot Hasundgot i den tredje serierunda.

 

 

INFOTAVLA

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR