hareid_il_logo_135.png









 

10.04. NY VIKTIG SIGNERING FOR HAREID-FOTBALLEN

img_0402.jpg

Anders H. Pilskog signerte i kveld som ny webredaktør for Hareid-sida, altså hareidil.no ---> fotball.

Pilskog sin jobb blir å halde bygdefolket orienterte om kva som rører seg i Hareid-fotballen, både blant store og små.

- Hareid-sida har stolte tradisjonar som går heilt tilbake til då Jostein Sundgot fekk oss på nett i 2003. Vi er sikre på at Anders H. Pilskog vil føre desse tradisjonane vidare på ein flott måte. Han har både talent for journalistikk og god innsikt i Hareid-fotballen, seier styreleiar Einar Orten Trovåg i ein kommentar.

Anders må sjølvsagt få litt tid på seg før han får sett seg inn i det tekniske rundt det å drive heimeside. Men trenarar, lagleiarar og alle andre kan allereie no begynne å sende inn referat (treng ikkje om å vere lange), bilete og andre glimt til andershttnr@gmail.com.

Så om ikkje lenge er vi både på Facebook, Instagram, Snpachat og vanleg nett.

Girri, girri!

ARRANGEMENT

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR