hareid_il_logo_135.png









 

08.01. SJEKK KVEN SOM VAR TILBAKE PÅ HAREID 2-TRENING

Enkelte vil hevde at dette er Knoll og Tott, men kven av dei er Knoll og kven er Tott? I alle tilfelle ser vi Per Ståle Nykrem til venstre og Ivar André Aadland til høgre.
Enkelte vil hevde at dette er Knoll og Tott, men kven av dei er Knoll og kven er Tott? I alle tilfelle ser vi Per Ståle Nykrem til venstre og Ivar André Aadland til høgre.

Hareid 2-gruppa mista ein del spelarar etter sesongslutt, og har ikkje lagt skjul på at dei er på jakt etter nye spelarar. Så langt har dei lykkast betre i å hente gamle spelarar. 

Tidlegare har Kurt Haddal og Eiliv-Tore Howlid sine comeback blitt omtala.

Under Hareid 2 si trening i gymsalen på Bigset skule onsdag kveld var to vassekte Hareid 2-legender på plass: Per Ståle Nykrem og Ivar André Aadland.

Det får redaksjonen bekrefta frå Emil Johannes Dahlen Folkestad og Benjamin Slettebakk, som leia denne økta med tre mot tre-fotball. 

Nykrem var rett nok litt med som hjelpetrenar/innpiskar i fjor haust, men har ikkje spelt kampar for Hareid 2 sidan 2017. Aadland har dei siste åra spelt på Hasundgot og Flø.

Men begge er blant ti øvste på Hareid 2 sin adelskalender. Og begge var svært sentrale då Hareid 2 eigentleg rykte opp til 5.-divisjon i 2012 (men takka pent nei...). 

Aadland står førebels ikkje i Hareid IL, men mykje tyder no på både han og Nykrem kan få fleire kampar for Hareid 2 denne sesongen.

På onsdagstreninga skal forresten også Geir Børre Røyset ha vore. Han spelte i si tid guttefotball for Hareid. Men det begynner å bli 15 år sidan - minst?

Uansett: Velkomen tilbake til alle saman. Og ifølgje sikre kjelder frå Hareid 2-miljøet er dei framleis på jakt etter nye spelarar. 

Neste økt går søndag kl. 19.25 i Hareidhallen. 

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR