hareid_il_logo_135.png









 

07.01. KLUBBLEGENDE HAR GJORT COMEBACK, MEN IKKJE PÅ DET "VANLEGE" LAGET

Eiliv-Tore Howlid etter ein a-kamp i 1999.
Eiliv-Tore Howlid etter ein a-kamp i 1999.

Berre seks spelarar står med fleire a-kampar enn Eiliv-Tore Howlid, sjølvaste "Kongen av Grense Jakobselv".

Mellom 1994 og 2018 (han spelte kampar i alle sesongane minus éin) fekk Howlid med seg 357 kampar og 65 mål. 

Kanskje ikkje ekstremt mange kampar per sesong, men skadar og studiar i utlandet hadde sitt å seie. 

2019 brukte Howlid for første gong på år og dag til andre ting enn å vinne hovudduellar for Hareid. 

Men mot tampen av året begynte han å dukke opp på treningane til Hareid 2.

Og no er det så godt so klar at Howlid blir med Hareid 2 i år.

Howlid var faktisk fram til 2017 den einaste som hadde registrert kampar i alle sesongane Hareid 2 hadde stilt lag på 2000-talet. Men dei aller fleste åra var det snakk om éin kamp per sesong.

Kanskje blir det fleire i år?

Uansett: Velkomen tilbake! 

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR