hareid_il_logo_135.png









 

06.08. GENERALPRØVE FOR A-LAGET: 4-1-TAP HEIME MOT EMBLEM

Sjølv om Hareid glimta til i periodar vart det totalt sett ein rotete kamp mot Emblem torsdag kveld. Det positive var at fleire unge spelarar fekk sjansen.

Hareid starta med éin gutespelar og tre juniorar. Og i løpet av kampen kom to juniorar, éin gutespelar og éin smågutespelar inn.

Sistnemnde, Håvard Mork Breivik (14 og eit halvt år) vart den nest yngste a-spelaren i Hareid IL nokon gong, berre slått av Fredrik Aursnes (14 år og fem månader i mai 2010).

I februar i fjor vart Håvard Øvrelid den nest yngste nokon gong. Han scora faktisk i debuten mot Valder, men valde utover sist sesong å trappe ned a-fotballen. Etter eit strålande Norway Cup gjorde han a-comeback på trening måndag. Og i dag scora Øvrelid heimelagets einaste mål, då han sette ballen i mål etter pasning frå Runar Stranden.

Det var då spelt 69 minutt og stillinga vart 1-2. Men i staden for at Hareid fekk med seg "poeng" frå kampen rakna det mot slutten og Emblem vann 4-1 etter mykje ujamt forsvarsspel frå Hareid.

Det var slett ikkje ufortent at Hareid tapte. Men 1. omgang (som Emblem vann 1-0) var eigentleg ganske jamn med sjansar til begge lag. Emblem gjekk opp i 2-0 etter markeringsfeil på defensiv dødball fem minutt etter pause. Og Hareid hadde også nokre sjansar mellom 0-2 og 1-2.

Men som nemnt, presisjonen over heile bana var for sløv i dag, og må opp fleire hakk når det er alvor mot Valder neste torsdag.

Kampfakta
Treningskamp, 6. august
Hareid - Emblem 1-4 (0-1)
Hareid stadion
Tilskodarar: 30
Mål Hareid: Håvard Øvrelid
Dommar: Richard Martin Hunstad, Hjørungavåg IL
Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork (K) - Gustav Bjørlykke Kløvning, Eiliv-Tore Howlid, Jon André Thue, Venthan Ketheeswaran - Runar Stranden, Alexander Nevstad, Torgeir Skeide, Simon Holstad Grimstad - Fredrik Andresen, Georg Eikrem Olsen.
Inn 46: Håvard Øvrelid, Håvard Knudsen Bjåstad.
Inn 58: Ole André Kragset, Håvard Mork Breivik.
Inn 67: Fredrik Lonbakken.

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR