hareid_il_logo_135.png









 

06.07. Vi har snakka med Hilde Årsbog Bjåstad etter ei veke saman med landets største talent

.
.

Hilde Årsbog Bjåstad har no komt heim til Hareid etter å ha vore på Equinor talentleir frå den 29. juni til den 3. juli i Porsgrunn. Der har ho fått målt krefter mot dei aller beste jentene i landet.

Då vi spurte ho om korleis det var å delta på talentleiren svarte ho følgjande: -Eg er veldig takknemlig for at eg blei tatt ut. Det var ein opplevelse for livet. Ein opplevelse som var veldig lærerik.

Ho oppdaga tidleg at kvaliteten på treningane kanskje var litt høgare enn ei vanleg måndags-trening på Hareidsmyrane. -Eg merka at det var eit høgt nivå, med mange flinke og kjekke jenter som eg blei kjent med.

Det verkar som om det var fleire høgdepunkt ved talentleiren, og å møte ei av Noreg sine aller beste spelarar var nok eit av dei. Det her gjor vist mykje med motivasjonen, og ingen slepp å vere bekymra for at Hilde Årsbog Bjåstad ikkje kjem til å jobbe knallhardt framover, for ho seier som følgjer: -Då Guro Reiten kom blei eg ekstra inspirert. No skal eg berre forsette å jobbe hardt framover.

For Hareid IL er det ikkje kvardagskost med eigne spelarar som er blant dei aller beste i landet! Difor er det ekstra stas med spelarar som Hilde Årsbog Bjåstad!

Girri, girri!

|
INFOTAVLA

Sparebanken Møre Fotballcamp

12.-15. August !

Påmelding her:

Påmeldingsskjema SBM Fotballcamp 12.-15.08.

___________________________

____________________________

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR