hareid_il_logo_135.png









 

06.01. STORSCORAR TIL HAREID

Kurt Haddal på Moltustranda for Hareid 2 i 2017.
Kurt Haddal på Moltustranda for Hareid 2 i 2017.

Kurt Haddal er tilbake i Hareid IL. 

Det får Hareid-sida bekrefta frå informert hald. 

Haddal har ikkje signert for Hareid enno, men han gav Hjørungavåg IL munnleg beskjed sist veke om at han blir med Hareid 2 i år.

53-åringen scora 22 mål på 12 kampar for Hjørungavåg sitt sjuarlag sist sesong. Han spelte for Hareid 2 i 2017 og 2018. Tidlegare har Haddal mellom anna spelt i japansk fotball.

Frå ikkje like informert hald får Hareid-sida kjennskap til at også ein annan tidlegare Hareid 2-profil som per no står i ein annan klubb skal ha vore med på Hareid 2 si oppstartstrening søndag. Men det er ikkje kjent kven dette er.

Det var uansett 13 mann som møtte opp på oppstartstreninga søndag. Økta vart leia av Emil Johannes Dahlen Folkestad og Benjamin Slettebakk, som var hjelpetrenarar for Hareid 2 i fjor.

Hovudtrenar i fjor var Einar Orten Trovåg. Han seier i ein kommentar til Hareid-sida at han ikkje var til stades fordi han låg heime med influensa. Kor vidt han er aktuell til å vere trenar for Hareid 2 i år er for tidleg å seie per no, seier han. Men det kjem sikkert ei avklaring i løpet av eit par-tre veker.

Orten Trovåg kan uansett fortelje at Hareid 2 har mista nokre spelarar. Minst 3-4 mann, inkludet både toppscorar og årets spelar, prøver seg på a-laget framover. Dessutan har Øyvind Grimstad Gryt lagt opp, medan Sander S. Moldskred går glipp av heile sesongen grunna skade. Andreas Rise forsvinn på skule i februar. Eit par mann til er i tenkeboksen, men så er det altså kanskje fleire på veg inn også - i tillegg til Kurt Haddal.

At det i det minste blir eit sjuarlag reknar Orten Trovåg som heilt sikkert, om det er nok folk til 11-arlag vil dei neste treningane avgjere.

Neste økt er i Bigsethallen onsdag kveld. 

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR