05.01. A-LAGET: OPPKØYRINGA GÅR SIN GANG
Hareid A har no hatt tre treningar. Som seg hør og bør på denne tida av året slit enkelte med influensa og den slags, medan andre slit med skadar. Atter andre veit vi ikkje sikkert om dei "satsar" denne sesongen eller ei.
Ben Buntu er eit namn mange sikkert hugsar frå i fjor, både frå a-laget og Hareid 2. Han har no budd ei tid i Fosnavåg, men har vore på dei to siste Hareid-treningane. Kor vidt han blir med vidare veit vi ikkje per no.
Det har også vore ein ung keeper på trening (i dag) frå ein annan klubb. Om han er aktuell vidare er usikkert.
Mange hugsar sikkert at Håvard Knudsen Bjåstad vart stygt skadd under Sparebank1 Grendacupen. Han fekk eit brot i halebeinet. Men etter forholda skal det gå ganske bra med Bjåstad. Han kan visst nok begynne å trene forsiktig igjen om nokre veker.
Det er elles ikkje allverda med nytt frå leiren. Slik det ser ut no får tre hospitantar frå eiga avdeling prøve seg med a-laget to gonger per veke framover. Det kjem vi tilbake til seinare.