hareid_il_logo_135.png









 
04.09. Hareid - Rollon 1-2: Så kom heimetapet
e1t_4707.jpg

Hareid tapte 2-1 heime mot Rollon torsdag kveld. Ulrik Wingsternes scora for heimelaget, medan Erik Øiehaug og Thorkild Rørvik scora for bortelaget.

Av Hazhir Alipoor

Rollon vann etter ein rotete kamp. Dei leia 1-0 til pause, noko som var greitt.  Dei var best i 1. omgang. I 2. omgang var vi betre. Men vi har problem med enkle ting som å slå pasningar og vinne duellar og då taper vi kampar. Mange pasningar går hit og dit, og det må rettast på, sa Hareid-trenaren Hans Gisle Holstad etter kampen.

Rollon la eit høgt trykk på Hareid frå start som gjorde at Hareid fekk ikkje spele sitt fotball – iallfall første halvtimen. Første kvarteret var Thorkild Rørvik og Jonas Nordal farlege for gjestane, men ingen av dei klarte å overliste Hareid-keeperen Vagn Scheide Mork. Etter 19 minutt hadde Alexander Nevstad eit godt frisparkforsøk, men det var berre nesten. Etter 25 minutt scora Rollon etter fint spel. Gjestane spelte raskt i lengderetninga, Thorkild Nervik la inn frå høgre som Erik Øiehaug breisida i mål. Inn mot pause kom Hareid med meir. Martin Longva (heading utanfor) og Ola Kalvø Vattøy (skot i tverrleggjaren) var dei to største sjansane. Men 0-1 til pause var fortent ut i frå spel.

Andre omgangen køyrde Hareid på frå start av, og fekk god betalt for det. Etter 50 minutt utlikna Ulrik Wingsternes. Stopparen slo inn eit frispark frå venstre som ingen var borti, lurte Rollon-keeperen og gjekk i mål. Fem minutt seinare kombinerte Georg Eikrem Olsen, Hiwa Alipoor og Ola Kalvø Vattøy fint, men skotet frå sistnemnde var ikkje godt nok. Like etter la Vattøy inn frå høgre, Eiliv-Tore Howlid heada utanfor. Det var ein svært stor sjanse. Etter dryge timen gjekk Rollon opp i leiinga igjen. Thorkild Rørvik plukka opp ein ball frå Hareid-forsvaret etter ei dårleg klarering og sette den forbi Hareid-keeperen. Siste halvtimen angreip Hareid med alle mann og la om til 3-4-3 siste minutta, men til inga nytte.

Dermed vart det 1-2 tap for eit Hareid-lag som opna kampen rotete, men spelte betre fotball utover kampen. Rollon var effektive og utnytta sjansane sine godt.

Kampfakta
4.-divisjon, runde 15
Hareid – Rollon 0-1 (1-2)
Hareid stadion
Tilskodarar: 45
Mål: 0-1 Øiehaug (27), 1-1 Wingsternes (50), 1-2 Rørvik (62).
Dommar: Vitalij Karpenko, Ellingsøy IL
Gult kort Hareid: Olsen
Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork (K) – Nauris Driksna, Martin Nikolai Longva, Ulrik Wingsternes, Joar Møller (Fredrik Andresen 81) – Ola Kalvø Vattøy, Alexander Nevstad, Thor-Ove Brekke (Kristian Myklebust 73), Georg Eikrem Olsen – Simon Holstad Grimstad (Hiwa Alipoor 46), Runar Stranden (Eiliv-Tore Howlid 46)
*** Nevstad, ** Wingsternes , * Olsen

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR