hareid_il_logo_135.png









 

04.08. HAUSTSESONGEN NÆRMAR SEG FOR HERRELAGET

Hareid opplevde både medgang og motgang i løpet av vårsesongen. Her er Markus Hareide, Rikard J. Osnes, Lars Roar Holstad og Henrik Hareide Holstad etter ein heimekamp på stadion.
Hareid opplevde både medgang og motgang i løpet av vårsesongen. Her er Markus Hareide, Rikard J. Osnes, Lars Roar Holstad og Henrik Hareide Holstad etter ein heimekamp på stadion.

Hareid mistar ein del spelarar, men skal gi alt i kampen om ny kontrakt.

Om 11 dagar, 15. august, startar Hareid haustsesongen med heimekamp mot Bergsøy. Det blir starten på ein tøff haustsesong for Hareid, der målet er å halde seg oppe i 4.-divisjon.

Frys ein tabellane per no ligg Hareid på nedrykksplass, men det er berre eitt poeng opp til fast plass.

Etter vårsesongen tok Hareid eit par veker ferie. Deretter har det blitt halde nokre sommartreningar per veke. Frammøtet har som seg hør og bør variert. Men vi har i alle fall registert mykje godt humør og god treningsvilje blant mange, og det er jo det viktigaste på denne tida av året. Den viktige delen av oppkøyringa fram mot haustsesongen startar i morgon.

Dessverre mistar Hareid ein del spelarar i sommar.

Gustav Bjørlykke Kløvning takka vi av allereie mot slutten av vårsesongen. Etter studieopptaka er det elles klart at Andreas Skotheim, Daniel Haanes, Fredrik Lonbakken og Sigve Overå Hide forsvinn. (Vi skal få takka dykk av på ein meir skikkeleg måte etter kvart.)

Dessutan reiser Ola Kalvø Vattøy tilbake til Oslo etter nokre kampar som sommarvikar (det var venta). Mathias Holstad Grimstad skal (også som venta) tilbake til Bergen etter kvart, men det kan hende han spelar nokre kampar for Hareid før den tid. 

På plussida kom Ørjan Engen Grimstad heim på tampen av vårsesongen.

Sjølv om ikkje alt er klart med omsyn til jobb/bustad, så reknar vi med at Ørjan blir ein viktig bidragsytar for Hareid i haust. 

Elles kan det sjølvsagt kome inn eksterne spelarar. Men det kan også hende at det ikkje gjer det. (Situasjonen er vel den same i fleire Premier League-klubbar...:-).

Uansett så hadde Hareid stort sett ein god og brei stall gjennom mesteparten av vårsesongen. Så at nokre forsvinn betyr berre at andre får sjansen.

Vi gler oss til å følgje det unge og spennande Hareid-laget utover hausten. Men først skal altså det trenast litt til før møtet med Bergsøy-

Girri, girri! 

INFOTAVLA

___________________________

____________________________

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR