hareid_il_logo_135.png









 

04.08. FERIEFOTBALL: HAREID - ÅRAM/VANKAM 3-3 (1-2)

Kim-Tore Husøy varta opp med scoring i sin første Hareid-kamp på over tre år. Frå venstre av Hareid-spelarar ser vi elles Venthan Ketheeswaran, Alexander Nevstad og Torgeir Skeide.
Kim-Tore Husøy varta opp med scoring i sin første Hareid-kamp på over tre år. Frå venstre av Hareid-spelarar ser vi elles Venthan Ketheeswaran, Alexander Nevstad og Torgeir Skeide.

Hareid stilte eit ferieprega lag i ein ferieprega treningskamp mot ÅVK. Lenge låg det an til at comeback-kid Kim-Tore Husøy skulle bli matchvinnar. Men i overtida hadde ÅVK fort sikra seg sigeren - om det ikkje hadde vore for at dei måtte rekke ei ferje.

Med "ferieprega lag" meiner vi at ei rekkje sentrale spelarar mangla, medan fleire som ikkje var involverte i vårsesongen fekk sjansen. Det inkluderer Kim-Tore Husøy (som starta som midtstoppar), Ulrik Wingsternes (som er heime på ferie, spelte sist for Hareid i oppkøyringa), Ulrich Kurseth (vart brått keeper for Hareid 2 og 3 i vår, no også a-keeper) og Arthur Hareide (Hareid 2). Gustav Bjørlykke Kløvning og Ben Buntu, som fekk nokre innhopp i vårsesongen, starta begge kampen.

Til pause leia ÅVK 2-1, og det var vel greitt nok i ein nokså sløv og sjansefattig omgang. Hareid hadde vel to-tre gode sjansar, og scora på éin av dei. Torgeir Skeide sette ballen fint i mål på eit frispark som Runar Stranden skaffa. ÅVK hadde vel kanskje tre-fire sjansar, og scora to.

I 2. omgang var det derimot Hareid som var det beste laget. Runar Stranden sette inn 2-2 etter litt fram og tilbake inne i feltet. Kim-Tore Husøy, som vart flytta opp på defensiv midtbane i 2. omgang, sette inn 3-2 etter ein retur frå eit frispark han sjølv tok.

Etter dette kunne Hareid ha punktert. Blant anna fekk innbytar Arthur Hareide underkjent eit mål grunna offside. Og spelarar som Thor-Ove Brekke, Runar Stranden og Ben Buntu var farleg frampå nokre gonger.

Men med under ti minutt igjen av ordinær tid om 3-3. Ein ÅVK-spelar fekk kome åleine med Ulruch Kurseth (ein av tre Hareid-keeperar i aksjon denne kampen) og scora enkelt. 

Som om ikkje det var nok mista Eiliv-Tore Howlid ballen som sistemann ut i overtida. Og ein ÅVK-spelar stod brått mutters åleine med keeper og hadde etter alt å døme avgjort til 4-3. Men før den einsame spelaren fekk avslutta valde dommar Morten Digernes frå Bergsøy IL å blåse av kampen. Det høyrest kanskje noko firkanta ut. Men det var ÅVK som hadde bedt om at det ikkje skulle leggast til eit sekund meir enn nødvendig. Dei måtte nemleg rekke ei ferje...

Vi skal ikkje vurdere dette som ein seriekamp. Men slår fast at Hareid leverte ein ujamn kamp. For all del: Ein del bra vart vist. Men for mange er det nok ein fordel at det er ytterlegare éi veke til haustsesongen startar.

Hareids beste? Vanskeleg å seie. Ingen spelte "outstanding". Men vi merkar oss at Runar Stranden var positiv offensivt med mål og målgjevande. Og i 2. omgang leverte Ben Buntu ein søknad om meir speletid - i ei rolle som offensiv venstreback.

*

Hareid: Fredrik Lonbakken - Gustav Bjørlykke Kløvning, Ulrik Wingsternes, Kim-Tore Husøy, Simon Holstad Grimstad - Torgeir Skeide, Alexander Nevstad, Ben Buntu - Runar Stranden, Thor-Ove Brekke, Fredrik Andresen + Sigve Overå Hide, Venthan Ketheeswaran, Eiliv-Tore Howlid, Arthur Hareide, Ulrich Kurseth.

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR