hareid_il_logo_135.png









 

03.08. NORWAY CUP DAG 4 (ONSDAG): TRE HAREID-lAG ER MED VIDARE TORSDAG

SMG14 på Norway Cup. Laget er eitt av våre tre som framleis er med i turneringa torsdag.
SMG14 på Norway Cup. Laget er eitt av våre tre som framleis er med i turneringa torsdag.

Det har vore ein Hareid-dag med både store triumfar og gedigne skuffelsar. Men tre av seks lag skal framleis vere med torsdag. Og det er jo ein bra prestasjon.

Tidlegare i dag melde vi at G16 I rauk ut av a-sluttspelet, medan SMG14 er vidare i b-sluttspelet. 

Sidan den gong har det vore ein dramatisk ettermiddag for fleire av Hareid-laga:

* SMG13: Det stod 2-2 til full tid mot PACES i 1/8-finalen i a-sluttspelet. Dessverre tapte Hareid 3-2 etter ekstraomgangar.

* J16: Hareid møtte Ørsta til 1/16-finale i a-sluttspelet. Dessverre rauk Hareid ut etter straffespark.

Vi må uansett ta med at begge desse laga har gjort det veldig bra. Det følest sikkert surt i dag å ryke når ein er så nær avansement til den femte turneringsdagen. Men ein gong vil dei involverte sikkert sjå tilbake på dei gode prestasjonane. Bra jobba!

Så to positive nyheiter:

* SMJ14 har etter opningstriumfen mot Eid gått frå den eine trimufen til den andre. Fire strake sigrar har det no blitt, utan eit einaste baklengsmål. I ettermiddag vann Hareid 5-0 i 1/16-finalen mot Årvoll.

Det betyr 1/8-finale mot Ørsta torsdag klokka 10.45. Kampen går på Valle Hovin. Lykke til!

* G16 II fekk walkover til 1/16-finalen, der dei i ettermiddag vann 4-1 mot Bygland. Torsdag 10.45 ventar ein knalltøff 1/8-finale mot tyske Harlingerland - eit lag som i likskap med Hareid har vunne alt så langt denne turneringa, ofte med store siffer. 

Kampen går på Ekeberg. Lykke til!

** Det blir liveoppdateringar frå nokre av kampane på Hareid IL sin facebookprofil. Følg med der. Elles håper vi som vanleg at folk sender inn stoff frå Norway Cup hit til sida. Bruk adressa hareidsida@gmail.com. Nokre lag er veldig flinke, andre er fråværande.

INFOTAVLA

___________________________

____________________________

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR