hareid_il_logo_135.png









 

02.08. HALVVEGS I HAREID-KAMPANE DAG 3: FIRE LAG ER VIDARE TIL A-SLUTTSPELET

Fire av åtte kampar dag 3 er ferdige. Og fire av seks Hareid-lag er (så langt) klare for a-sluttspelet (eller i alle fall så godt som klare).

* Som vi melde tidlegare i dag er J16 klare for a-sluttspelet etter to sigrar av to moglege. 

* G16 I: Spelte 3-3 mot Burfjord/Øksfjord i dag. Det betyr at dei går vidare til a-sluttspelet som lag to i si pulje. Dei skal spele 1/32-finale mot Vik eller Årdal i morgon. Begge desse laga har spelt i pulja til Hareid II (sjekk under).

Kampen går klokka 10.45 på Abildsø i morgon (onsdag).

* G16 II: Har hatt små problem med å vinne si gruppe. Slo i dag Vik 4-0. Sidan Hareid vann si gruppe får dei walk-over til 1/16-finalen. Der møter dei anten Manglerud Star, Bygland eller Bjørn. 

Kampen går klokka 16.35 på Furuset i morgon (onsdag).

* I likskap med J16 er SMG13 vidare til a-sluttspelet etter to sigrar av to moglege. Eller det vil seie: Det finst ei teoretisk moglegheit for at det ikkje skjer, dersom Hareid taper med sju mål mot Frøya i ettermiddag. Då vil Hareid hamne bak både Frøya og Ellingsrud på målforskjell. Men vi har såpass tru på Hareid at vi tvilar på noko slikt skjer.

Før vi gløymer det: Hareid SMG13 vann heile 12-1 mot Future Star tidlegare i dag.

** Vi kjem med ei ny oppdatering rundt klokka 23.00 i kveld. Send gjerne inn tekst og foto til hareidsida@gmail.com.

INFOTAVLA

___________________________

____________________________

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR