hareid_il_logo_135.png









 

02.08. DAG 3 I NORWAY CUP OPPSUMMERT: EIN SUPERTYDAG MED SJU SIGRAR, EIN UAVGJORT OG NULL TAP

Fem av seks lag til a-sluttspelet. Sjekk også oppsettet for onsdagen.

I går vann Hareid-laga tre kampar, spelte éin uavgjort og tapte ingen. Få hadde venta at måndagen skulle bli toppa ytterlegare av tysdagen. Men det skjedde altså.

Berre G16 I avgav poeng (3-3 mot Burfjord/Øksfjord), men dei hamna i a-sluttspelet likevel. Det gjer også alle dei andre Hareid-laga, minus SMG14. Dei fekk ei god avslutning på gruppespelet med tre poeng, men det var altså ikkje nok.

Lag for lag:

* G16 I: Nummer to i si gruppe med fem poeng. Møter Årvoll til 1/32-finale klokka 10.45 på Abildsø i morgon. 

* G16 II: Gjorde reint bord med ni av ni poeng. Får walkover til 1/16-finalen. Der ventar Bygland IL kloka 16.35 på Furuset.

* J16: Vann si gruppe med ni poeng. Det betyr lokalderby mot Ørsta i 1/16-finalen. Kampen går på Valle Hovin klokka 17.30.

* SMJ14: Nummer to i si gruppe med seks poeng. Vann 5-0 mot Snøgg II i siste kamp tysdag kveld. Leirgulen ventar i 1/32-finalen klokka 09.50 onsdag. Bane: Tørteberg.

* SMG13: Vann alle sine kampar og tok dermed gruppesigeren. Avslutta med 7-1 mot Frøya. Møter palestinske PACES klokka 18.25 onsdag - til 1/8-finale. Kampen går på Ekeberg.

* SMG14: Avslutta som vi var inne på godt - med 4-1-siger mot Ready. Likevel vart det "berre" tredjeplass i gruppa. Får walkover til 1/16-finale i b-sluttspelet. Motstandaren er ikkje klar. Men kampen går klokka 11.40 på Valle Hovin. Slik vi forstår oppsettet skal Hareid sin motstandar i aksjon endå tidlegare på kvelden.

Vi ønskjer alle Hareid-laga lykke til onsdag. Girri, girri!

PS. Hugs å sende inn tekst og bilete til hareidsida@gmail.com.

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR