hareid_il_logo_135.png









 

01.08. HAREID SINE NORWAY CUP-RESULTAT MÅNDAG (DAG 2) + KAMPOPPSETTET FOR TYSDAG (DAG 3)

Hareid sine lag har hatt ein svært god dag med tre sigrar og to uavgjorte.

* SMG13: Har hatt spelefri måndag.

Spelar to kampar tysdag: Klokka 10.00 mot Frøya på Terteberg. Og klokka 16.15 mot Frøya på Ekeberg. Hareid vann sin kamp søndag, og med mindre det skjer noko heilt spesielt skal det halde å vinne éin av dei to kampane tysdag for å avansere til a-sluttspelet.

* SMG14: Spelte 0-0 mot PACES frå Palestina måndag.

Eit godt resultat, men etter alt å døme ikkje godt nok med tanke på a-sluttspel. Hareid må evnetuelt slå Ready med solide siffer i morgon, medan PACES taper med ein del mål mot Oppdal. Sjølvsagt ikkje umogleg, men svært vanskeleg. PACES har per no 11 plussmål, Hareid to minusmål. Kampen Hareid - Ready går klokka 15.15 på Valle Hovin.

* J16: Som vi kunne lese her på sida tidlegare i dag, vann Hareid 5-2 mot Rising Star.

Det betyr at Hareid truleg må vinne éin av to kampar tysdag for å avansere til a-sluttspelet. Klokka 12.00 skal Hareid møte Tertnes på Bjølsen, medan motstandar klokka 17.15 på Valle Hovin er Trygg/Lade. Trygg/Lade vann 2-1 mot Tertnes i dag.

* SMJ14: Hareid vann heile 8-0 mot Kolbotn i dag.

Ein flott opptur etter gårsdagens tap mot Eid. Hareid må enkelt og greitt ta minst eitt poeng mot Snøgg tysdag for å avansere til a-sluttspelet. Med tap blir det b-sluttspelet. Snøgg har i likskap med Hareid tre poeng, men klart svakare målforskjell. Hareid - Snøgg går på Bjølsen i morgon klokka 20.30.

* G16 I: Hareid spelte 1-1 mot Charlottenlund i dag.

Det betyr at Hareid har fire poeng på to kampar. Men Hareid må truleg ha minst eitt poeng mot Burfjord/Øksfjord tysdag for å avansere til a-sluttspelet. Både Burfjord/Øksfjord og Furuset har nemleg tre poeng, og kan altså passere Hareid til slutt. Hareid - Burfjord/Øksfjord går på Tørteberg klokka 13.15.

* G16 II: Hareid vann i dag 11-2 mot Austrheim.

Vi kjenner ikkje til resultatet i kampen Årvoll - Vik. Men med seks poeng og ein enorm målforskjell er det berre å gratulerer Hareid med avansement til a-sluttspelet. Då tek dette Hareid-laget det kanskje litt med ro mot Vik i morgon? Ikkje veit vi. Men kampen går i alle fall klokka 13.15 på Abildsø.

** Lykke til, alle saman. Girri, girri!

PS. Send gjerne inn tekst og bilete til hareidsida@gmail.com.

INFOTAVLA

___________________________

____________________________

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR