hareid_il_logo_135.png









 

01.01. BLI MED PÅ HAREID 2 i 2020?

Frå ei Hareid 2-trening våren 2019.
Frå ei Hareid 2-trening våren 2019.

Hareid 2 starta opp igjen med treningar våren 2019, og stilte eit lag i sjuarserien om hausten.

I år er planen å stille lag frå våren av.

Dette er eit tilbod til alle over 19 år som ikkje er på a-laget, men som kan tenke seg å spele fotball med ein kjekk gjeng eit par gongar i veka.

Oppkøyringa startar søndag førstkomande klokka 19.25 i Hareidhallen. 

Då må alle som er interesserte i å vere med i Hareid 2-gruppa i år møte.

Planen er å bruke dei komande treningane til å kartlegge kven som blir med i 2020, kven som skal vere trenarar og ansvarlege - og kva lag ein melder på i seriespelet.

Derfor trengst det ei mobilisering no slik at ein får ei så god oversikt som mogleg over spelargrunnlaget. 

Planen er å trene søndagskveldane i Hareidhallen og onsdagskveldane i gymsalen på Bigset skule i januar. Og så tek ein det derifrå.

Vel møtt søndag!

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR