24.11. Hareid er uoffisielle kretsmestarar!

Her er Hareid-laget som vann uoffisielt inne-KM (futsal) i Ørstahallen i går.
Hareid vann alle sine kampar i gruppespelet. Deretter slo dei Ørsta 3-0 i kvartfinalen. I semifinala venta Vanylven, som blei besigra med 1-0. I finala møtte Hareid Blindheim. Etter at William Valde Bigset scora heilt på tampen av kampen vann Hareid 1-0, og blei med det uoffisielle kretsmestarar!
Girri, girri!
24.11. Avslutningsfest for G7

I løpet av helga feira Hareid G7 sesongen med ein kjekk avslutningsfest. Den inneholdt både fotball, bading og party! Ein herlig gjeng som var godt fornøgde med Fair Play-medaljene sine og is.
14.11. frå årsmøtet: Her er det nye styret

Den 12. november blei årleg møte i Hareid Idrettslag Fotball holdt på klubbhuset. Her møtte mykje folk opp, og det er tydleg at engasjementet i Hareid-fotballen er sterkt.
10.11. Hareid sikra fornya kontrakt i 4. divisjon!

Takket vere at Volda slo Kristiansund 2 over to kampar i kvalikken til 3. divisjon er det berre to lag som rykkjer ned frå årets 4. divisjon. Dei to laga som hamna nederst på tabellen var Blindheim og Ørsta. Difor spelar Hareid A-lag i 4. Divisjon neste år og!
Girri, girri!
5.11. To Hareidsspelarar tatt ut til fylkeslaget
To spelarar frå Hareid er tatt ut til fylkeslaget til samlinga i Sodvikhallen på Kyrksæterøra i Hemne, 16-17.november. Spelarane som er tatt ut er Christian Mork Breivik med G15, og Hilde Årsbog Bjåstad med J14.
Dei er altso rekna som nokre av dei aller beste spelarane i fylket per dags dato, noko Hareid IL er svært imponerte og stolte over. Vi gratulerar!
01.11. Innkalling til årsmøte i Hareid Idrettslag Fotball

30.10. OG HER ER HAREID 2 (OG 3)-OVERSIKTA

Dei siste dagane har vi presentert oversikter over kven som har blitt årets spelar på herrelaget og damelaget siste åra. No har vi også fått på plass ei oversikt for Hareid 2 (og 3).
30.10. STATISTIKKEN ER KLAR: HHH SPELTE FLEST KAMPAR

A-lagsstatistikken for sesongen 2019 er klar.
29.10. VART ÅRETS SPELAR SJU ÅR ETTER TANTA

Det gjekk ikkje mange minutta frå vi indirekte etterlyste ei oversikt over årets spelar på damelaget siste åra til vi hadde ei slik oversikt på plass (mellom anna takka Lena Hansen!).
28.10. BRANDAL I GJÆVT SELSKAP

Ruben-Kenneth Brandal vart endeleg årets spelar, medan Andreas Nesset jr. vart den tredje som er kåra til årets unge spelar to gongar dei siste 11 sesongane. Vi ser på historikken.

Årsfesten oppsumert: her kan du lese kven som fekk dei ulike prisane (Stor bileteserie)
Som tradisjonen tilsei so blir kvar fotballsesong avslutta med ein årsfest. I går gjekk denne festen føre seg på klubbhuset. Der blei seniorlaga med medhjelparar feira etter ein godt gjennomført sesong, og som vanleg blei fleire prisar delt ut. (Stor bileteserie lengst nede i saka)
25.10. Det blei dessverre ikkje siger for Hareid, no får vi håpe at Herd eller Volda vinn!

Til årets siste seriekamp møtte Hareid eit toppa Norborg/Brattvåg 2. I kveldens kamp trengte Hareid enten å vinne eller få hjelp ved at Emblem og Ørsta spelte uavgjort for å sikre plassen i 4. divisjon. Det blei dessverre verken siger eller rett resultat i den andre kampen, og Hareid må difor håpe at Herd eller Volda vinn framover.
21.10. FRÅ ARKIVET: DÅ HAREID VAR BETRE ENN HØDD

For vel 30 år sidan lukta Hareid sitt herrelag på det som i dag heiter Obos-ligaen. Både i 1987 og 1988 enda Hareid på tredjeplass på nivå tre, og i 1988 var Hareid også betre enn Hødd. Den åttande artikkelen frå jubileumsheftet (2016) handlar om nettopp denne sesongen. Trenar var Harald Møller. (Også ein niande artikkel med Lasse Flø som kjelde ligg ved her.)
20.10. Hareid G14 knuste Hødd, Molde og Clausenengen

Hareid G14 har i helga deltatt på 9-ar turnering på Høddvoll. Der møtte dei andrelaga til nokre av dei beste klubbane i fylket, og vann stort over dei alle.
19.10. ADELSKALENDEREN FOR SJUARFOTBALL

Her kjem oppdatert adelskalender for sjuarfotball for senior menn i Hareid-fotballen. Denne gjeld sesongane 2015, 2016, 2017 og 2019 - same om laget har heitt Hareid 2 eller Hareid 3 (det betyr at kampar for samarbeidslaget Hjørungavåg 2/Hareid 3 i 2014 ikkje er med). Odd-Magne Brandal har spelt flest kampar, medan Fredrik Fagerli Abrahamsen har scora flest mål.
19.10. ØVRELID TOPPSCORAR FOR HAREID 2

Men Joar Møller scora flest totalt.
18.10. Ein heilt ufatteleg viktig siger!

Når det gjaldt som mest tok Hareid, med kaptein Ruben Kenneth Brandal i spissen, tre heilt ekstremt viktige poeng heime mot Larsnes/Gursken. Etter ei heilt vanvittig avslutting på kveldens kamp enda det tilslutt med 5-2 siger til Hareid.
17.10. HAREID VART BESTE HAUSTLAG I SJUARSERIEN

Avslutta med krutsterk bortesiger mot erkerivalen.
17.10. Før Skjebnekampen Hareid- LGFK: Har Hareid ni liv?

I morgon klokka 18:30 spelar Hareid ein ekstremt viktig kamp heime mot Larsnes/Gursken. Det er ikkje første gong Hareid ligg i faresona for å rykke ned, det har dei nemleg gjort åtte gongar sidan 2000, og alle gongar har dei klart å unngå nedrykk. Vi satsar på at denne trenden fortsett!
16.10. FRÅ ARKIVET: Kisse: Supertrenar i gullalder for Hareid-fotballen

I den sjette historiske artikkelen frå jubileumsheftet frå 2016 har vi kome til slutten av 70-talet og starten av 80-talet. Då fekk Hareid-fotballen seg eit stort oppsving. Bak spakane sat ein kar som blir kalla "Kisse".
1234...343Neste |