hareid_il_logo_135.png









 

13.07. Djupdykk i arkivet: Problemsesongen 1993

Hareid spelte i 2.-divisjon i 1992, og med unntak av 1991-sesongen (førsteplass i 3.-divisjon) hadde klubben vore på det nivået heilt sidan 1981. Derfor vart det eit stort antiklimaks for Hareid å kjempe for å unngå nedrykk til 4.-divisjon i 1993. Berre sigrar mot Vigra i ein kvalik mot slutten av sesongen redda stumpane for Otto Sundgot sitt mannskap.

Vi har scanna inn ein del artiklar og bilete frå 1993-sesongen som vi har funne i Vikebladet Vestposten sitt arkiv.
 

13.07. Djupdykk i arkivet: Glimt frå oppkøyringa før 94-sesongen

Hareid hadde gjort ein svært svak 1993-sesongen, men hadde om ikkje anna begynt på eit generasjonsskifte som skulle vise seg å bere frukter. Hareid gjorde det nemleg "godt igjen" både i 1994, 1995 og 1996 med plasseringar på øvre halvdel i 3.-divisjon. I 1994 var Hans Gisle Holstad tilbake som Hareid-trenar, med Gunnar Aursnes som assistent. 5.-plass vart fasiten, og det var berre to poeng opp til bronsen. Vi har scanna inn nokre bilete og artiklar frå oppkøyringa før 94-sesongen som vi fann i Vikebladet Vestposten sitt arkiv.

10.07. Djupdykk i arkivet: Det året det gjekk så bratt

Willy Nesset hadde ikkje det beste utgangspunktet før han gjekk laust på oppgåva som Hareid-trenar i 1998.
Willy Nesset hadde ikkje det beste utgangspunktet før han gjekk laust på oppgåva som Hareid-trenar i 1998.

Hareid a-lag har gjennom 2000-talet vore bortskjemde med stabilitet på trenarsida, ro i spelargruppa og tidvis veldig gode prestasjonar i høve storleiken på klubben. Slik har det slett ikkje alltid vore. På 90-talet skifta Hareid trenarløysing minst éin gong i år, og stabilitet er ikkje eit ord som kjenneteikner denne Hareid-perioden. Verst var det i 1998. Mange spelarar hadde slutta etter den ustabile 1997-sesongen. Det gav ikkje trenar Willy Nesset eit godt utgangspunkt før sesongoppkøyringa. Og det skulle bli brattare enn som så.

Vi har rota litt i arkivet til Vikebladet Vestposten, og fått rydda opp i kva det var som skjedde før og under det som truleg er Hareids verste sesong nokon gong.

|

07.07. Djupdykk i arkivet: A-laget i 1992

1992 var det siste året Hareid spelte i 2.-divisjon (tredje høgste nivå). Det var meininga at Harald H. Rise og assistentane Lars Pedersen og Arve Holstad skulle halde fram som trenarar etter opprykket i 1991, men grunna ein travel kvardag trekte dei seg i februar 1992. Harald Åsland Riise hadde eigentleg skrive under for Hødd hausten 1991 - som spelar. Men han sleit med skadar, og då Hareid gav han tilbod om å vere trenar for laget, spelande eller ei, så var han ikkje vond å be. Stig Andor Engen vart med som hjelpetrenarar. Både "Ås" og Engen skulle markere seg for Hødd seinare på 90-talet, men i 92 var dei altså spelande Hareid-trenarar. Det enda med nedrykk på direkten, sjølv om starten på sesongen var lovande.

Vi har scanna inn nokre bilete frå Vikebladet Vestposten i 1992.

08.06. I dag er det 30 år sidan vi banka Hødd på Høddvoll

1981_SIGER_MOT_HODD.JPG

- 8. juni bør bli Hareids nye nasjondaldag. 
Det skreiv Ivar Grimstad i Vestposten 10. juni, to dagar etter at Hareid hadde sjokkert omverda ved å slå Hødd 4-0 i ein seriekamp på Høddvoll. 

|

28.03. Djupdykk i arkivet: Fotballgruppa si statistikkbok

Fotballgruppa sin heiders- og statistikkomité har no endeleg fått i hende "statistikkboka" til a-laget. Det er ei handskrive bok, som tar føre seg kor mange kampar kvar spelar har spelt kvar sesong for a-laget. Boka vart lagt til grunn før adelskalenderen skulle oppdaterast etter kvar sesong. Fremst i boka står alle spelarane som var i aksjon frå 1946 til 1971, rangert etter tal på kampar. Deretter vart talet på kampar per spelar skrive inn sesong for sesong. Ronald Øvrelid fekk denne boka i hende då han tok over som oppmann for Hareid i 2003. Men då var ikkje boka blitt nytta sidan etter 2000-sesongen. "Syndarane" som var oppmenn for Hareid i 2001 var Kjartan Mork og Johs Riise. Får dei spørsmål om kvifor dei slutta å ajourføre boka, vil dei nok svare at i 2001 var dataalderen i gang - og vel så det. No har vi altså fått denne boka med Ronald, og sjølv om vi har lagt ut årsstatistikken her på sida frå 70-talet og fram til i dag, er statistikkboka eit artig minne frå ei svunnen tid.

Forhånd.123456
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR