hareid_il_logo_135.png

30.09. Djupdykk i arkivet: Eit jentelag frå 80-talet

Vi kjenner igjen trenarane som står bak spelarane. Astrid Hareide Holstad til venstre, og tvillingane Anja og Lena Holstad (veit ikkje kven som er kven av dei). Men kven er spelarane?
Vi kjenner igjen trenarane som står bak spelarane. Astrid Hareide Holstad til venstre, og tvillingane Anja og Lena Holstad (veit ikkje kven som er kven av dei). Men kven er spelarane?

I ein gammal perm ned på klubbhuset fann vi dette biletet. Det ser ut til å vere eit jentelag med spelarar som kanskje er 13, 14 år gamle? Vi trur biletet er frå siste halvdel av 80-talet. Veit du meir om når biletet er tatt, og kven dei ulike spelarane er?

Ta kontakt med oss på hareidsida@gmail.com.

26.09. Statistikkhjørnet spesial: 20 år, ingen forandring

Dag Harald Moldskred (til venstre) var Hareid sin toppscorar med 21 mål i 1991. Til høgre ser vi Bjørn Andersen, mannen som trena Hareid ned frå 2.-divisjon til 3.-divisjon i 1990.
Dag Harald Moldskred (til venstre) var Hareid sin toppscorar med 21 mål i 1991. Til høgre ser vi Bjørn Andersen, mannen som trena Hareid ned frå <a href="http://2.-divisjon" target="_blank">2.-divisjon</a> til <a href="http://3.-divisjon" target="_blank">3.-divisjon</a> i 1990.

I 1991 kjempa Hareid, Langevåg, Ørsta, Spjelkavik og Valder om opprykk frå 3.-divisjon til 2.-divisjon. 

|

15.08. Djupdykk i arkivet: Då Willy vart kalla inn på landslaget

IMG_0013.JPG

Vi har funne dette brevet i Hareid IL sitt fjernarkiv. Kor vidt Willy kom på bana eller ikkje seier historia ingenting om.

PS. Vi har fått spørsmål frå nokon som har vore vekke i sommar om kvar dei finn alle dei ulike utgåvene av "Djupdykk i arkivet" her på Hareid-sida. Alt som er "nytt" av historisk materiale legg vi på den nedste underkategorien under Historikk i venstremargen; "Artiklar". Elles kan du sjølvsagt klikke deg inn på dei ulike sesongane og sjå både materiale vi har lagt ut denne sommaren og ved tidlegare høve.

15.08. Djupdykk i arkivet: 1984-sesongen best til då - del 4 av 4

I 1984 enda Hareid på 4.-plass i landsdelsserien. Det var rekord til då, og berre 1987- og 1988-sesongane har vore betre gjennom heile Hareid si fotballhistorie på senior herresida. Men det vart ein spesiell sesong på mange måtar. Kjell Tynes, som også hadde trena laget i 1983, trekte seg frå oppgåva halvvegs etter interne problem. Då låg Hareid dårleg an tabellmessig. Men så kom Hans Gisle "Kisse" Holstad tilbake som trenar, og då klatra Hareid jamt og trutt på tabellen utover hausten. Harald Møller var hjelpetrenar under både Tynes og Holstad. Vi merkar oss også at Hareid opplevde eit aldri så lite cupeventyr denne sesongen, men Molde og Åge Hareide vart for sterke i andre ordinære runde.

I denne artikkelserien presenterer vi avisutklipp frå Vestposten i 1984. I del 4 av 4 ser vi på sesongavslutninga, samt førebuingane mot neste sesong fram mot jul.

15. august 2011

15.08. Djupdykk i arkivet: 1984-sesongen best til då - del 3 av 4

I 1984 enda Hareid på 4.-plass i landsdelsserien. Det var rekord til då, og berre 1987- og 1988-sesongane har vore betre gjennom heile Hareid si fotballhistorie på senior herresida. Men det vart ein spesiell sesong på mange måtar. Kjell Tynes, som også hadde trena laget i 1983, trekte seg frå oppgåva halvvegs etter interne problem. Då låg Hareid dårleg an tabellmessig. Men så kom Hans Gisle "Kisse" Holstad tilbake som trenar, og då klatra Hareid jamt og trutt på tabellen utover hausten. Harald Møller var hjelpetrenar under både Tynes og Holstad. Vi merkar oss også at Hareid opplevde eit aldri så lite cupeventyr denne sesongen, men Molde og Åge Hareide vart for sterke i andre ordinære runde.

I denne artikkelserien presenterer vi avisutklipp frå Vestposten i 1984. I del 3 ser vi på vårsesongen og sommaren.

15. august 2011

14.08. Djupdykk i arkivet: 1984-sesongen best til då - del 2 av 4

I 1984 enda Hareid på 4.-plass i landsdelsserien. Det var rekord til då, og berre 1987- og 1988-sesongane har vore betre gjennom heile Hareid si fotballhistorie på senior herresida. Men det vart ein spesiell sesong på mange måtar. Kjell Tynes, som også hadde trena laget i 1983, trekte seg frå oppgåva halvvegs etter interne problem. Då låg Hareid dårleg an tabellmessig. Men så kom Hans Gisle "Kisse" Holstad tilbake som trenar, og då klatra Hareid jamt og trutt på tabellen utover hausten. Harald Møller var hjelpetrenar under både Tynes og Holstad. Vi merkar oss også at Hareid opplevde eit aldri så lite cupeventyr denne sesongen, men Molde og Åge Hareide vart for sterke i andre ordinære runde.

I denne artikkelserien presenterer vi avisutklipp frå Vestposten i 1984. I del 2 av 4 ser vi på siste del av oppkøyringa fram mot vårsesongen, pluss første seriekamp.

14. august 2011.

14.08. Djupdykk i arkivet: 1984-sesongen best til då - del 1 av 4

I 1984 enda Hareid på 4.-plass i landsdelsserien. Det var rekord til då, og berre 1987- og 1988-sesongane har vore betre gjennom heile Hareid si fotballhistorie på senior herresida. Men det vart ein spesiell sesong på mange måtar. Kjell Tynes, som også hadde trena laget i 1983, trekte seg frå oppgåva halvvegs etter interne problem. Då låg Hareid dårleg an tabellmessig. Men så kom Hans Gisle "Kisse" Holstad tilbake som trenar, og då klatra Hareid jamt og trutt på tabellen utover hausten. Harald Møller var hjelpetrenar under både Tynes og Holstad. Vi merkar oss også at Hareid opplevde eit aldri så lite cupeventyr denne sesongen, men Molde og Åge Hareide vart for sterke i andre ordinære runde.

I denne artikkelserien presenterer vi avisutklipp frå Vestposten i 1984. I del 1 ser vi på oppkøyringa fram mot vårsesongen.

14. august 2011

10.08. Djupdykk i arkivet: Ein vanskeleg 1990-sesong del 3 av 3

Så seint som i 1988 hadde Hareid vore svært nære ved å rykkje opp i det vi i dag kallar Adeccoligaen i norsk fotball + for første og hittil siste gong enda framfor Hødd i seriesystemet. Men 1989-sesongen vart ein skuffelse. Plassen vart redda, men det var vel omtrent det einaste positive å ta med seg frå den sesongen. Og verre skulle det bli. Hareid hadde gjennom heile 80-talet basert seg på den gode generasjonen som spelte laget opp i landsdelsserien i 1980. Etter 1989-sesongen la dei siste attverande frå den generasjonen inn årane. Bjørn Andersen (tidlegare AaFK-spelar) vart henta inn for å trene Hareid i 1990, og stod framfor ei svær utfordring med å skrape saman ein noko lunde habil stall. 1990-sesongen vart ikkje så dårleg som mange hadde spådd, men han enda med nedrykk. I tre saker presenterer vi avisutklipp (Vikebladet Vestposten) frå den vanskelege 1990-sesongen.

10. august 2011.

10.08. Djupdykk i arkivet: Ein vanskeleg 1990-sesong del 2 av 3

09.08. Djupdykk i arkivet: Ein vanskeleg 1990-sesong del 1 av 3

Så seint som i 1988 hadde Hareid vore svært nære ved å rykkje opp i det vi i dag kallar Adeccoligaen i norsk fotball + for første og hittil siste gong enda framfor Hødd i seriesystemet. Men 1989-sesongen vart ein skuffelse. Plassen vart redda, men det var vel omtrent det einaste positive å ta med seg frå den sesongen. Og verre skulle det bli. Hareid hadde gjennom heile 80-talet basert seg på den gode generasjonen som spelte laget opp i landsdelsserien i 1980. Etter 1989-sesongen la dei siste attverande frå den generasjonen inn årane. Bjørn Andersen (tidlegare AaFK-spelar) vart henta inn for å trene Hareid i 1990, og stod framfor ei svær utfordring med å skrape saman ein noko lunde habil stall. 1990-sesongen vart ikkje så dårleg som mange hadde spådd, men han enda med nedrykk. I tre saker presenterer vi avisutklipp (Vikebladet Vestposten) frå den vanskelege 1990-sesongen. Del 2 og 3 kjem onsdag.

9. august 2011 

05.08. Djupdykk i arkivet: Ein varierte 1999-sesong - tredje og siste del

Hareid var tilbake på nivå 5 i norsk fotball for første gong sidan 1972. Arne Klepp og Bjørge Worren (spelande) fekk i oppgåve å byggje opp eit nytt og meir slagkraftig Hareid-lag enn det som representerte klubben i 1998. Då vann nemleg ikkje éin einaste seriekamp, og rykte ned med solid margin. 1999 opna svakt med dårleg treningsoppmøte og mannskapskrise rundt laget. Men nokså samtidig som at eit nytt styre kom på plass rundt påsketider raste treningsoppmøtet i veret. Og Hareid tok kommandoen i 4.-divisjon og såg lenge ut til å vere ein soleklar opprykkskandidat. Men rundt sommartider gjekk Hareid inn i ei stygg tapsrekkje, og laget vart hekta av opprykkssjiktet. Utover hausten klarte Hareid igjen å mobilisere - og enda på ein høgst akseptabel 4.-plass. Hareid viste at dei ikkje hadde planar om å spele lenge i denne divisjonen.

Vi gir deg her del 1 av ein del avisutklipp vi har scanna inn frå 1999-sesongen (Vikebladet Vestposten).

Oppretta: 05.08.2011

05.08. Djupdykk i arkivet: Ein variert 1999-sesong - del 1

Hareid var tilbake på nivå 5 i norsk fotball for første gong sidan 1972. Arne Klepp og Bjørge Worren (spelande) fekk i oppgåve å byggje opp eit nytt og meir slagkraftig Hareid-lag enn det som representerte klubben i 1998. Då vann nemleg ikkje éin einaste seriekamp, og rykte ned med solid margin. 1999 opna dårleg med dårleg treningsoppmøte og mannskapskrise rundt laget. Men nokså samtidig som at eit nytt styre kom på plass rundt påsketider raste treningsoppmøtet i veret. Og Hareid tok kommandoen i 4.-divisjon og såg lenge ut til å vere ein soleklar opprykkskandidat. Men rundt sommartider gjekk Hareid inn i ei stygg tapsrekkje, og laget vart hekta av opprykkssjiktet. Utover hausten klarte Hareid igjen å mobilisere - og enda på ein høgst akseptabel 4.-plass. Hareid viste at dei ikkje hadde planar om å spele lenge i denne divisjonen.

Vi gir deg her del 1 av ein del avisutklipp vi har scanna inn frå 1999-sesongen (Vikebladet Vestposten).

05.08. Djupdykk i arkivet: Ein variert 1999-sesong - del 2

Hareid var tilbake på nivå 5 i norsk fotball for første gong sidan 1972. Arne Klepp og Bjørge Worren (spelande) fekk i oppgåve å byggje opp eit nytt og meir slagkraftig Hareid-lag enn det som representerte klubben i 1998. Då vann nemleg ikkje éin einaste seriekamp, og rykte ned med solid margin. 1999 opna svakt med dårleg treningsoppmøte og mannskapskrise rundt laget. Men nokså samtidig som at eit nytt styre kom på plass rundt påsketider raste treningsoppmøtet i veret. Og Hareid tok kommandoen i 4.-divisjon og såg lenge ut til å vere ein soleklar opprykkskandidat. Men rundt sommartider gjekk Hareid inn i ei stygg tapsrekkje, og laget vart hekta av opprykkssjiktet. Utover hausten klarte Hareid igjen å mobilisere - og enda på ein høgst akseptabel 4.-plass. Hareid viste at dei ikkje hadde planar om å spele lenge i denne divisjonen.

Vi gir deg her del 2 av ein del avisutklipp vi har scanna inn frå 1999-sesongen (Vikebladet Vestposten).

 Oppretta: 05.08.2011

29.07. Djupdykk i arkivet: Norway Cup 2001-2005

Webredaktøren var med på Norway Cup i alle frå 2001 til 2006, først som spelar - seinare som leiar. I 2006 hadde vi "gått digitalt". Så i denne samlinga legg vi ut innscanna bilete og artiklar som webredaktøren har tatt vare på frå 2001 til 2005.

Har du eigne bilete frå Norway Cup du vil dele med oss? Send dei til hareidsida@gmail.com
 
26.07. Djupdykk i arkivet: Då Nevstad kunne blitt Hareid-spelar

Historia kunne sett ganske så annleis ut for fotballen på Hareidlandet om ei sak frå 1990-sesongen hadde fått eit anna utfall. Det meste låg an til at sjølvaste André Nevstad skulle gå til Hareid, som i 1990 spelte i det vi i dag kallar 2.-divisjon. Nevstad sleit nemleg med speletid for Hødd på nivået over, og som artiklane frå Vikebladet Vestposten vi her har scanna inn viser - så var han svært, svært nære ein overgang til Hareid. Vi har ikkje funne ein artikkel som melder at overgangen gjekk i vasken, men vi har tre andre artiklar om saka som du kanskje vil finne interessante.

For dei som ikkje kjenner sunnmørsfotballen så godt så kan vi opplyse at André Nevstad ei av dei aller, aller største Hødd-legendene. Han har flest a-kampar av alle for klubben, og har vore dagleg leiar på Høddvollhuset i over ti år. Kva som hadde skjedd om Nevstad hadde gått til Hareid hausten 1990 vitast ikkje, men Hareid rykte i alle fall ned den sesongen. Og i 1995 spelte Nevstad eliteseriefotball for Hødd...
 
25.07. Djupdykk i arkivet: 1985-sesong på det jamne

I dag har vi scanna inn nokre avisutklipp frå 1985-sesongen. Denne gongen frå Vikebladet, som var den minst Hareid-patriotiske av dei to avisene på Hareidlandet på 80-talet (Vikebladet dekte begge kommunane med tyngdepunkt i Ulstein, Vestposten mest Hareid). Hans Gisle Holstad og Harald Møller fekk verkeleg sving på sakene då dei tok over Hareid sitt 3.-divisjonslag (noverande 2.-divisjon) midtvegs i 1984-sesongen. Målet for 1985 var å kjempe i toppen, men Hareid enda på ein litt skuffande 7.-plass.
 
20.07. Djupdykk i arkivet: 1987-sesongen del 3 av 3

I del 3 av 3 om 1987-sesongen tar vi føre oss det som skjedde etter sommarpausen og fram til avslutningsfesten etter serien var avslutta. Vi merkar oss at keeper Stig Andor Engen gjekk til Molde grunna dei gode prestasjonane hans i 1987. Ikkje verst, med tanke på at han ikkje begynte å satse på fotball før i 1985. Før det hadde Engen berre ei handfull kampar for Hjørungavåg på CV-en, skal vi tru Vestposten.

20.07. Djupdykk i arkivet: 1987-sesongen del 2 av 3

I del 2 av 3 ser vi på Hareid sin vårsesong i 1987. Hareid kjempa i toppen av det som då heitte 3.-divisjon, medan Hødd sleit tungt i 2.-divisjon - og enkelte begynte å snakke om at laga skulle byte divisjon. Det skjedde ikkje, men Hareid slo faktisk Hødd i 3.-divisjon i 1988.

20.07. Djupdykk i arkivet: 1987-sesongen del 1 av 3

Vi har igjen vore på ferde og gjort eit djupdykk i Vestposten sitt arkiv. I dag presenterer vi avisutklipp frå Hareid a-lag sin 1987-sesong. Det er til dags dato den beste sesongen Hareid har hatt nokon gong, berre tangert (og dog poengmessig forbetra) av 1988-sesongen. Hareid enda på 3.-plass på nivå 3 i Norge.

Sesongen var heilt spesiell av ein viss grunn. Fotballtinget hadde vedteke å gi tre poeng for siger og eitt for uavgjort, som i ein del andre europeiske land. Men: Enda kampen uavgjort gjekk han til straffesparkkonkurranse, og vinnaren fekk med seg eit ekstra poeng. Altså vann du kampen fekk du tre poeng, vann du straffekonken fekk du to, tapte du han fekk du eitt, og tapte du sjølve kampen fekk du null. Denne straffesparkordninga viste seg å vere lite gunstig for Reidar Vågnes sitt Hareid-lag, og ordninga vart jo også avskaffa før 1988-sesongen.

Men i del 1 av 3 ser vi Hareid si oppkøyring før 1987-sesongen.

13.07. Djupdykk i arkivet: Droppa psykologen, ville til Hareid

Året var 1993, og Hareid sleit med å prestere i 3.-divisjon. På den andre sida av Hareidseidet sat Bjørge Worren og var misnøgd med tilveret i 1.-divisjonsklubben Hødd. Dei føregåande sesongane hadde spissen fått ein god del speletid i Hødd, men denne sesongen fekk han minimalt med tillit av trenarane Knut J. Ertesvåg og Einar Magne Skeide. Det heile toppa seg då Hødd skulle ha besøk av ein psykolog før ein kamp der Worren ikkje var tatt ut i troppen. Worren valde å forlate psykologmøtet, og varsla i lokalavisa at han ville gå til Hareid. 

Det vart ingenting av den aktuelle overgangen til Hareid denne gongen heller for Worren. Også i 1990 var han så godt som klar for raudtrøyene, men det heile stranda i siste liten. Bjørge Worren skulle likevel etter kvart markere seg mykje i vår klubb, som spelar (1995-1996), spelande trenar (1999), spelar (2000-2001) og trenar (2010-framleis).

PS. Det kjem fram av artikkelen at Worren var ein gammal Hødd-spelar. Vel, han fylte 22 år i 1993...

Forhånd.123456Neste
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR