hareid_il_logo_135.png









 

24.02. Djupdykk i arkivet: Kanskje ikkje så rart at kampen vart merkeleg?

YMSE_1996_0001.JPG

I ei spalte i Vikebladet Vestposten frå 1996 mimrar dei 20 år tilbake i Vestposten si historie, altså tilbake til 1976. Hareid deltok i Haugenturneringa på Nordfjordeid, og kvalifiserte seg til finalen etter siger mot Spjelkavik laurdag. Finalen gjekk søndag mot Haugen, men før den tid vart det arrangert plattingdans på laurdagskvelden. Så når Vestposten skriv at det vart ein merkeleg finale, så var det kanskje ikkje så rart? (Lagt inn 24.02.12).

21.02. Statistikkhjørnet: Framleis blant dei nest beste, 28 år etter 

Ronny Hansen under ein old boys-kamp i 2010.
Ronny Hansen under ein old boys-kamp i 2010.

Måndag spelte Hareid 2 sin første kamp på 1 1/2 år, og kaptein for laget var ingen kven som helst i Hareid IL si fotballhistorie. Ronny Holstad Hansen, som hans fulle namn er, debuterte for Hareid sitt b-lag tilbake i 1984. Kjapp hovudrekning viser at det er 28 år sidan. Ronny fekk éin b-kamp i 1984, og følgde opp med 19 kampar og 21 mål for same lag i 1985. Hareid sine nest beste tok den sesongen KM-sølv etter å ha tapt finalekampane mot AaFK. Det står skrive i Hareid-sida sin b-lagshistorikk. Seinare vart Ronny fast innslag på a-laget og enda der opp med (førebels jallefall) 136 kampar. Seinare har denne mannen spelt for mange andre klubbar, seinast Tjørvåg i 2010. Før han altså er tilbake der det heile starta. Men det skal seiast at 45 år ikkje er nokon alder i Hareid 2-samanheng. Stig Andor Engen var med i 2009, året han fylte 50. Og Einar Elvanes spelte b-kampar for Hareid til han var nærare 60 år. Så Ronny Holstad Hansen bør ha i alle fall ta 10 sesongar til før det begynner å lukte rekord.

16.02. Djupdykk i arkivet: Hareid-stallen i 1996

Vi har fått tilgang på ein interessant artikkel i VV frå 1996, nemleg ein presentasjon av Hareid-stallen. Det gjekk med Hareid som i 1994, nemleg 5.-plass i 3.-divisjon. I 1995 enda Hareid på 4.-plass. Etter 1996-sesongen gjekk lufta ut av laget, og motbakken skulle vise seg å bli svært bratt via ein "såder" 9.-plass i 1997 før den famøse 1998-sesongen som resulterte i berre to poeng og dermed sjølvsagt også nedrykk. Inge Gjerde var trenar for Hareid i 1996 med Stig Andor Engen som spelande hjelpetrenar. (Lagt inn 16.02.12)
PS. Er det nokon som har bilete av Eiliv med raudt hår så er det berre å sende inn. Det same gjeld om nokon har bilete av Eiliv med musefletter, ein variant han prøvde nokre år seinare. 

12.02. Djupdykk i arkivet: Treningsframmøtet i 1988

Det har blitt snakka mykje om treningsframmøte i det siste. Det har vore bra, og det har vore dårleg. Og kva er eigentleg bra og dårleg frammøte? I arkivet til Lasse Flø har vi funne a-laget sitt treningsframmøte i 1988, tidenes beste Hareid-sesong med 3.-plass i det som no heiter 2.-divisjon. Frammøtet er registrert av Harald Møller, som var trenar den sesongen. No sit ikkje vi på årets frammøtestatistikk. Men det er vel eit par karar som har 100 % hittil (Røyset x2), to-tre andre som sikkert berre har gått glipp av ei trening eller to, og seks-sju som kanskje ligg på rundt 80-90 %. Så er det vel mykje ujamt under der. Sidan berre fornamna er nemnt i 88-statistikken listar vi opp dei fulle namna her: Idar Vattøy, Stein Vik, Torstein Woldsund, Lasse Flø, Einar Pieroth, Roar Riise, Mardon Hjelle, Arve Holstad, Lars Pedersen, Harald Åsland Riise, Ronny Hansen, Knut Strande, Erling Hareide, Arne Åsland Riise, Egil Øvrelid, Magnus Holstad, Dag Audun Eliassen, Roger Hauknes, Egil Rødskar og Tonny Holtet. Trykk på biletet for å sjå større versjon. (12. feb 2012)

22.01. Djupdykk i arkivet: Utanfor krinsgrensene

ANDALSNES_CAMPING_KART.JPG

I 2012 skal Hareid for første gong på 20 år spele mot lag utanfor for vår eigen krins. Frå 1981 til 1990 + 1992 spelte Hareid på nivå tre i Norge, og møtte lag frå både Hordaland, Rogaland (laget Åkra), Trøndelag og Oslo-området. Men visste du at Hareid også lenge før den tid spelte mot lag utanfor eigen fotballkrins?

|

15.01. Djupdykk i arkivet: Gutelaget på Norway Cup i 2005

Bak frå venstre: Kenneth Moldskred (trenar), Nikolai Røyset, Arild Hånes, Marius Slettebakk, Thomas Østrem, Robin Jackson Indreflø, Marius Mathia Hareide, Ørjan Engen Grimstad, Benjamin Slettebakk, Jostein Sundgot (hjelpetrenar). Framme: Martinus Rise Gaasø, Sondre Åkervik, Nikolay Sundgot, Audun Orten Trovåg, Ruben-Kenneth Brandal, Mads Ivar Leikanger, Preben Nedrelid, Åge Møgster. Det ser vel ut som at biletet er teke etter eit tap...
Bak frå venstre: Kenneth Moldskred (trenar), Nikolai Røyset, Arild Hånes, Marius Slettebakk, Thomas Østrem, Robin Jackson Indreflø, Marius Mathia Hareide, Ørjan Engen Grimstad, Benjamin Slettebakk, Jostein Sundgot (hjelpetrenar). Framme: Martinus Rise Gaasø, Sondre Åkervik, Nikolay Sundgot, Audun Orten Trovåg, Ruben-Kenneth Brandal, Mads Ivar Leikanger, Preben Nedrelid, Åge Møgster. Det ser vel ut som at biletet er teke etter eit tap...

Tidlegare Hareid-trenar Kenneth Moldskred har sendt oss nokre bilete frå arkivet sitt. Her kjem eitt av dei, som er av Hareid sitt gutelag under Norway Cup i 2005. Hareid slo HIF/Stein i første kamp, før karane gjekk på eit knusande tap mot KIL/Hemne. I tredje kamp i puljespelet tapte gutelaget knapt 2-1 mot Sandnes Ulf. I b-sluttspelet vann Hareid første 4-0 mot Fana, før laget rauk ut i 1/16-finalen mot Florø. Året etter gjekk det betre. Då tok Hareid like greitt gull i b-sluttspelet. (Lagt inn 15. jan. 12)

14.01. Det er mykje rart ein finn

Du har kanskje ein slik Hareid-caps heime? Om ikkje, så har det blitt funne nokre eksemplar som vi kan kjøpast for ein billeg penge.
Du har kanskje ein slik Hareid-caps heime? Om ikkje, så har det blitt funne nokre eksemplar som vi kan kjøpast for ein billeg penge.

Dei siste dagane har det blitt rydda opp ein del i gløymde og ukjende skap på klubbhuset. Mellom anna måtte klubbhussjef Andreas Moldskred bryte (file) opp eit skap som ingen hadde sett nøklane til på mange år, truleg sidan midten på 90-talet. Funn? Mykje forskjellig. To dommarflagg (pent brukte), seks halvfulle boksar med merkespray, ei isskrape, seks utgåver av Fotbladet anno 1994 og 26 Hareid-capsar. Du ser ein av dei på biletet over. Her snakkar vi nostalgi. Det er mogleg vi kjem til å legge ut capsane for sal til ein svært rimeleg penge. 

10.01. Djupdykk i arkivet: Nupens ukjende fortid

I_SKOTET_0002.JPG

André Egset Nupen er Grendacupen-kongen. Heile seks gonger har han vunne turneringa, og det slo Vikebladet Vestposten stort opp førre veke. Men det det er ikkje alt om Nupen som er like kjent, ei heller når det gjeld idrettskarrieren hans. Leiter ein lengre bak i Vikebladet Vestposten sin katalog ser ein nemleg at Nupen er tidlegare handballspelar. Han spelte i 2001 på Ulstein vidaregåande skule sitt gode handballag, som i følgje utklippet over ikkje var så veldig opptekne av å vinne. Det kan vi også sjå på fjeset til Nupen.

09.01. Djupdykk i arkivet: Ikkje første møte med EOIL

Då vi presenterte Hareid sine motstandarar i årets 3.-divisjon før jul skreiv vi at Hareid vi for første gong skal møte Elnesvågen og omegn IL (EOIL). Men det stemmer faktisk ikkje. I arbeidet med jubileumsheftet som kjem ut til hausten kom vi over ein del reportasjar frå oppkøyringa til 2002-sesongen, og der dukka det opp fleire treningskampar som vi hittil ikkje har registrert i historikken her på Hareid-sida. Den siste av dei, sjølve generalprøva, vart spelt mot EOIL på Høddvoll grusbana. Hareid vann heile 6-0. Men medan Hareid spelte i 3.-divisjon den sesongen, heldt EOIL seg i 5.-divisjon Nordmøre og Romsdal (som dei til slutt vann). Lagt inn 9. jan. 2012.

09.12. Djupdykk i arkivet: Apropo jul og slikt

1. rekke frå venstre.: Harald H. Rise, Jon Olav Slettebakk, Arve Holstad, Arve Teigene, Hans Gisle Holstad, Lasse Flø, Gunnar Hareide, Bjørn Steinar Røyset. Midtrekka: Mardon Hjelle, Einar Pieroth, Dag Audun Eliassen, Geir Holstad, Erling Hareide, Stig Bekkemellem, Roar Riise, Per Johan Rise. bak: Gunnar Aursnes, Leiv Arne Grimstad, Anders Mork, Lars Pedersen, Tom Gerry Fredriksson, Knut Strande, Arne J. Valkvæ, Per Øvrelid.
1. rekke frå venstre.: Harald H. Rise, Jon Olav Slettebakk, Arve Holstad, Arve Teigene, Hans Gisle Holstad, Lasse Flø, Gunnar Hareide, Bjørn Steinar Røyset. Midtrekka: Mardon Hjelle, Einar Pieroth, Dag Audun Eliassen, Geir Holstad, Erling Hareide, Stig Bekkemellem, Roar Riise, Per Johan Rise. bak: Gunnar Aursnes, Leiv Arne Grimstad, Anders Mork, Lars Pedersen, Tom Gerry Fredriksson, Knut Strande, Arne J. Valkvæ, Per Øvrelid.

Julekalenderar går aldri av moten. Og i si tid heiv Hareid-fotballen seg også på denne trenden. Året var 1982, og fotballgruppa gav ut ein julekalender med a-laget som bakgrunnsbilete. Ved å opne dei ulike lukene kunne du vinne ulike premiar. Verdiane på premiane varierte les vi på baksida av kalenderen. Den lågast verdsette gevinsten var ei handsag til 47 kroner (12. desember). Den dyraste premien kunne du vinne på julaftan; ein rasersykkel med fem gear til ein verdi av 1850 kroner. Av andre premiar kan vi nemne ei brusmaskin (15. desember), ein fotball (7. desember) og ein Hummel regndress (2. desember). Lagt inn 9. des. 2011.

07.12. Djupdykk i arkivet: Gutelaget i 1990

Fremste rekke: Kim Varhaug, Stig Brandal, Krister Hareide, Jan Kåre Hovden, Stian Andre Slotterøy, Ingar Hovden, Stian Erik Bjåstad og Arnt Ole Grimstad.
Midtre rekke: Jan Endre Rise, Kjell Frode Sørestrand, Johannes Hareide, Svein Lien, Lars Petter Brandal, Ronald Øvrelid. Bakre rekke: Ola Øvrelid (oppmann), Kjell Roger Moldskred, Gert Sulebakk, Lars Petter Moldskred (trenar) og Odd Arne Vikebakk (trenar)
Fremste rekke: Kim Varhaug, Stig Brandal, Krister Hareide, Jan Kåre Hovden, Stian Andre Slotterøy, Ingar Hovden, Stian Erik Bjåstad og Arnt Ole Grimstad. Midtre rekke: Jan Endre Rise, Kjell Frode Sørestrand, Johannes Hareide, Svein Lien, Lars Petter Brandal, Ronald Øvrelid. Bakre rekke: Ola Øvrelid (oppmann), Kjell Roger Moldskred, Gert Sulebakk, Lars Petter Moldskred (trenar) og Odd Arne Vikebakk (trenar)

Ronald Øvrelid har leita djupt ned i arkivet sitt og funne dette lagbiletet. Gjengen du ser på biletet er gutelaget til Hareid i 1990. Tar vi ikkje mykje feil er laget fotograferte i aulaen på Hareid ungdomsskule. Fleire av spelarane fekk seinare prøve seg på a-laget. Han som kom aller lengst var nok Stian André Slotterøy, som med sine 229 kampar ligg på 26. plass på adelskalenderen (lagt inn: 07.12.2011).

04.12. Statistikkhjørnet spesial: Eiliv og Marius krinsmeistrar x 2

km_tittel_4_div_2000.png

På 2000-talet har Hareid a-lag tatt to krinsmeisterskap, eitt i gamle 4.-divisjon i 2000 og eitt i nye 4.-divisjon i 2011. Berre to spelarar vart krinsmeistrar for Hareid begge åra; Eiliv-Tore Howlid og Marius Rise. Denne duoen var svært sentral i 2000. Eiliv scora nest flest mål, medan Marius spelte tredje flest kampar. I 2011 vart Eiliv og Marius første og fremst viktige brikker i haustsesongen. Eiliv gjekk stort sett skadd i vår, medan Marius flytta heim frå Valencia i sommar. Det høver med å sende nokre varme tankar til Even Hansrud i denne samanhengen. Han spelte ikkje nok kampar til å bli krinsmeister i 2000, og i år mista han heile sesongen grunna skadar. Frå 2001 til 2010 har vel Even stort sett spelt alt av Hareid-kampar, og heile vegen vore av lagets mest sentrale spelarar. Av dei andre som tok KM-gull i 2000 har dei aller fleste lagt opp eller trappa ned. Det kan nemnast at Bjørge Worren var trenar i år - spelar og toppscorar i 2000. 

28.11. Djupdykk i arkivet: Moro på Jalmar-cup

Bak frå venstre: Åge Møgster, Richard Valde, Preben Nedrelid (eller er det Buzz?), Magnus Knudsen Bjåstad, Ørjan Engen Grimstad, Audun Orten Trovåg, Mads Ivar Leikanger. Midtrekka: Ingrid Holstad, Sondre Åkervik, Jan Kristian Korsnes, Ruben-Kenneth Brandal, Christer Adrian Mork. Framme: Lars Andreas Mork Myking, Benjamin Slettebakk, Tommy Nesset Dimmen, Kristine Warholm, Haakon Riise, Bård Grimstad Ulstein.
Bak frå venstre: Åge Møgster, Richard Valde, Preben Nedrelid (eller er det Buzz?), Magnus Knudsen Bjåstad, Ørjan Engen Grimstad, Audun Orten Trovåg, Mads Ivar Leikanger. Midtrekka: Ingrid Holstad, Sondre Åkervik, Jan Kristian Korsnes, Ruben-Kenneth Brandal, Christer Adrian Mork. Framme: Lars Andreas Mork Myking, Benjamin Slettebakk, Tommy Nesset Dimmen, Kristine Warholm, Haakon Riise, Bård Grimstad Ulstein.

Ørjan Engen Grimstad har rydda gutterommet sitt og funne fram denne godbiten av eit fotografi. Biletet er av Hareid sin 1990-årgang, ein av klubbens beste gjennom historia. Denne generasjonen vann inne-KM for gutar 15 år i 2005, og året etterpå tok dei sølv i ute-KM etter å ha kjempa med AaFK heilt inn. To av spelarane (Ørjan Engen Grimstad og Ruben-Kenneth Brandal) spelar i dag på Hødd, og fleire av dei andre du ser på biletet har spelt a-lagsfotball for Hareid. Men på biletet du ser over var det Jalmar-cup på Høddvoll som gjaldt. Vi tippar biletet er teke på slutten av 90-talet. (Lagt inn: 28.11.2011)

26.11. Her er beviset, Vagn!

Hareid-keeper Vagn Scheide Mork har alltid skrytt av dei fire måla han angjeveleg har scora for a-laget vårt. Men eit spørsmål frå webredaksjonen i fjor om korleis dei tre første måla kom - med påfølgjande nølande svar ("dei tre fyrste kom på 90-talet en gång, nåken treningskampa eller nåke sånt"), fekk oss til å gå denne saka i saumane. Og ganske rett. Etter å ha sjekka i Hareid IL si statistikkbok (oppdatert frå 1946 til 2000) viser det seg at Vagn verken scora i 1993, 1994 og 1995 - åra Vagn sjølv påstår han scora tre mål. Framfor 1996-sesongen gjekk Vagn til Hødd, og etter å også ha vore innom Molde og Grindvoll vende han heim igjen i 2003. Vagn scora ikkje det året. Det kan alle som spelte for Hareid det året bekrefte. Men likevel stod Vagn plutseleg oppført med tre mål etter 2005-sesongen. Ergo (vedtak): Det var anten ein feil av statistikkføraren eller korrupsjon frå ein viss keeper. Vagn Scheide Mork har ikkje scora fire mål for Hareid.

Men det skal han ha. I heimekampen mot Valder i 2006 scora Vagn på straffe. Og målscorarbilete klarte han også å snike seg med på...

17.11. Djupdykk i arkivet: Hausten Hareid (nesten) gjorde det store

Hareid a-lag har aldri gjort det betre enn i 1988. Etter å ha leia gamle 3.-divisjon lenge vart det til slutt 3.-plass, framfor storebror Hødd. Hareid tapte ikkje før i runde 19 (av 22).

I dag presenterer vi nokre skanna avisutklipp frå Vikebladet sommaren og hausten 1988. 

17. november 2011

09.11. Djupdykk i arkivet: Hareid mot Per Ove Ludvigsen og Trond Egil Soltvedt

I dagens utgåve av "Djupdykk i arkivet" presenterer vi ei rekkje kampprogram frå 1987-sesongen til Hareid a-lag. Denne sesongen spelte Hareid mot fleire lag frå Hordaland, og som vi skal sjå inkluderer det mellom anna to store fotballprofilar. Per Ove Ludvigsen spelte for Fyllingen denne sesongen. Fyllingen vann denne avdelinga (3.-divisjon, noverande 2.-divisjon) med soleklar margin, og rykte etter kvart opp i eliteserien. I 1990 spelte dei også cupfinale. Frå 1993 til 2000 var Per Ove Ludvigsen ein stor profil på Brann i eliteserien. Trond Egil Soltvedt møtte Hareid som Ny-Krohnborg spelar denne sesongen. Soltvedt vart seinare ein profil både på Brann og Rosenborg i heimleg serie, og seinare reiste han til England og representerte Coventry og Southampton i Premier League og Sheffield Wednesday i Championship. I Shef Wed var Soltvedt ein periode også konstintuert manager. Men i 1987 hamna han på 5.-plass i gamle 3.-divisjon med Ny-Krohnborg, to plassar bak Hareid på tabellen. PS. Også han som stod i mål for Os i 1987, Vidar Bahus, vart seinare ei legende i Brann. (9. november 2011)

08.11. Djupdykk i arkrivet: Hareid på tippekupongen

ARKIV_0003.JPG

Kor mange gonger Hareid har vore med på Norsk Tipping sin 12-ar vitast ikkje. Men som vi ser på kupongen over var vi der i alle fall i 1987. Høvet var ein 1. runde-kamp i cupen mellom Hareid og Hødd. For tipparane vart U det rette tippeteiknet. Det stod 1-1 til pause, men Hødd (som spelte eitt nivå høgare enn Hareid) vann 4-3 på straffesparkkonkurranse.

Med jamne mellomrom har Hareid vore på Norsk Tipping sin Langodd-kupong. Vi var der ikkje i år. I år var det vel berre Nordicbet som hadde odds på Hareid-kampar. Men i og med vi spelar i 3.-divisjon neste år reknar vi med at Hareid blir å finne på Langoddsen igjen.

8. november 2011

01.11. Djupdykk i arkivet: Lagbilete frå 1998-sesongen

Hareid i 1998. Bak frå venstre: Ottar Pilskog (trenar), Tommy Torsvik, Stian André Slotterøy, Asgeir Aursnes, Are Olav Riise, Odd Sverre Urke, Are Pilskog, Cato Hansrid, Ragnar Røyset, Jarle Romestrand (oppmann). Framme: Svein Dag Slettebakk (hjelpetrenar), Dag Harald Moldskred, Egil Øvrelid, Alfonso Pepe, Georg Einar Mork, Klaus Stian Moldskred, Daniel Slettebakk, Hallvar Møller, Kenneth Moldskred.
Hareid i 1998. Bak frå venstre: Ottar Pilskog (trenar), Tommy Torsvik, Stian André Slotterøy, Asgeir Aursnes, Are Olav Riise, Odd Sverre Urke, Are Pilskog, Cato Hansrid, Ragnar Røyset, Jarle Romestrand (oppmann). Framme: Svein Dag Slettebakk (hjelpetrenar), Dag Harald Moldskred, Egil Øvrelid, Alfonso Pepe, Georg Einar Mork, Klaus Stian Moldskred, Daniel Slettebakk, Hallvar Møller, Kenneth Moldskred.

A-laget sin 1998-sesong er ikkje det lysaste kapittelet i klubben si historie. Før sesongen gjekk ei rekkje spelarar til Hasundgot og Hødd 2 (som faktisk hadde ambisjonar om opprykk til 2.-divisjon!). Dei som stod igjen var stort sett berre ungdommar, og Hareid rykte ned med brask og bram. Men det var stort sett den same gjengen som spelte i 1998 som seinare tok ein heiderleg 4.-plass i 4.-divisjon i 1999 og tok KM-gull og rykte opp igjen i 2000. Så om det ikkje vart ein einaste siger i serien fekk i alle fall mange unge spelarar mykje kamperfaring i 1998. 

Lagbiletet vi har fått tilsendt over her må vere teke sommaren 1998. For som vi ser hadde Ottar Pilskog og Svein Dag Slettebakk teke over som trenarar. Det var Willy Nesset som trena Hareid i utgangspunkt, saman med nokre assistentar som kom og gjekk. Men i mai slutta Nesset som trenar. Meir om 98-sesongen her. 

01.10. Litt inspirasjon i sesonginnspurten

Tre rundar står att av årets 4.-divisjon for menn. Hareid hadde verken før sesongen eller midtvegs i sesongen amibisjonar om opprykk, men no ligg det slik til at sjansane er der for å ta ein KM-tittel og klatre opp ein divisjon. Tøft blir det uansett. Langevåg-leiren uttala i dagens utgåve av Sunnmørsposten at dei mobiliserer max for å vinne avdelinga, og dei gulkledde ventar på at Hareid skal gjere eit feilskjer om ikkje lenge. Så spørst det om dei kan få hjelp av veslebror MSIL, som kjem på besøk til Hareidsmyrane stadion fredag førstkommande. 

Som litt inspirasjon i sesonginnspurten har vi scanna inn det Vikebladet Vestposten skreiv og fotograferte etter at Hareid rykte opp hausten 1991. 

Lagt ut: 1. oktober 2011

30.09. Namna på lagbiletet på plass + to nye

Gjennom Hareid IL sin facebookprofil har vi skoga tak i namna på lagbiletet av eit jentelag frå Hareid vi la ut her på sida i dag tidleg. Namna finn du under biletet. Biletet kan ifølgje ein tipsar stamme frå 1986.

Redaksjonen har også fått to andre lagbilete. Begge er frå 1990, og er av to ulike jentelag. Namna på spelarane står under bileta.

Lagt inn: 30. september 2011

Forhånd.123456Neste
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR