hareid_il_logo_135.png









 

21.07. Djupdykk i arkivet: Lilleputtlaget i 1984

I går publiserte vi eit bilete av lilleputtlaget i 1985. I dag legg vi ut lilleputtlaget frå 1984. De vil nok legge merke til at fleire spelarar var med på begge lagbileta. Leiarane er dei same; Ola Øvrelid og Lars Petter Moldskred. Dette biletet er teke i aulaen på Hareid ungdomsskulen.

20.07. Djupdykk i arkivet: Lilleputtlaget i 1985

Her kjem eit svart-kvitt-bilete frå 80-talet. Det stod 1985 på biletet då det vart funne, og via Hareid IL på facebook har vi samla inn namna på spelarane. Dei er slik vi forstår det fødde i 1974 og 1975. Trenarar for dette laget var Ola Øvrelid og Lars Petter Moldskred.

20.07. Djupdykk i arkivet: A-laget i 1985

Det var stor forventingar til Hareid i landsdelsserien i 1985. Under leiing av Hans Gisle Holstad og Harald Møller hadde laget byksa oppover tabellen hausten 1984 og til slutt blitt nummer fire. Men i 1985 kom eit lite tilbakefall då Hareid vart nummer sju. Rett nok var det berre tre poeng opp til Fram/Skatval på andreplass. Namsos vann avdelinga suverent med 36 poeng (gammal poengordning). Hareid-toppscorar i 1985 var Einar Magne Skeide med 30 mål.

19.07. Nytt djupdykk i arkivet: A-laget 1986

Vi presenterer i dag eit nytt bilete frå Jønsson-arkivet. Dette må vere a-laget i 1986, trur vi. Laget vart trena av Reidar Vågnes og Arne Klepp, og enda på femteplass i landsdelsserien (2.-divisjon). Laga som enda framfor Hareid var Varegg, Åsane, NyKrohnborg og Fyllingen - alle frå Hordaland. Toppscorar for Hareid i 1986 var Knut Strande med 14 mål.

Endra:

17.07. Hareid herrelag 1990

Mellom 1989 og 1990 var Hareid a-lag gjennom eit ganske stort generasjonsskifte. Rutinerte spelarar som Lars Pedersen, Lasse Flø, Lars Pedersen, Knut Strande, Mardon Hjelle og Arve Holstad hadde gitt seg på, og det vart i 1990 derfor opp til yngre Hareid-karar å halde plassen i 2.-divisjon (heitte 3.-divisjon til og med 1990). I tillegg kom det til nokre spelarar frå andre klubbar. Laget gjorde det for så vidt heilt greitt ut frå føresetnadene, men hamna under streken etter ein spennande sluttspurt. Bjørn Andersen frå Ålesund var spelande trenar denne sesongen.

17.07. Hareid junior 1990

Legg merke til lagbileta vi publiserte av 1971- og 1972-modellar frå Hareid i går og i dag. Fleire av dei same karane kjenner du att på dette biletet av Hareid junior i 1990 leia av Anders "McQueen" Mork. I tillegg hadde det kome til nokre spelarar frå andre stader, mellom anna Jonny Kragset frå Åram (bror til Oddvin) og Ingar Seljeset frå Ulsteinvik (son til Odden). - Vi vann alle kampane på innøvde trekk, skriv ein av våre følgjarar på facebook.

17.07. Hareidsgutar fødde i 1971 og 1972

Her kjem endå eit lagbilete av gutar fødde i 1971 (dei fleste) og 1972. Dette er ein annan gjeng frå det same kullet vi la ut i går, men sannsynlegvis er også dette biletet teke tidleg på 80-talet ein gong.

16.07. Jentelag rundt 1990

Her kjem eit jentelag beståande av spelarar fødde mellom 1978 og 1980. Biletet er tatt seint på 80-talet eller kanskje tidleg på 90-talet. Trenar for laget var Anja Holstad. Vi veit ikkje namnet på alle spelarane. Delta gjerne i debatten på vår facebookprofil (link i menyen til høgre).

16.07. Hareidsgutar fødde i 1971 og 1972

Her kjem eit bilete som våre facebook-følgjarar meiner av spelarar fødde i 1971 og 1972. Vi vil derfor tru biletet er teke rundt 1980.

16.07. Hareids beste herrelag

Sommartid er tydelegvis mimretid, og i dag tek vi fram eit par nye (gamle) bilete frå Jønsson-arkivet. Dette er Hareid a-lag i 1988, den beste utgåva klubben nokon gong har hatt. Rett nok enda Hareid på tredjeplass i landsdelsserien (no 2.-divisjon) også i 1987, men denne sesongen var Hareid verkeleg nære nedrykk - og leia serien langt ut på hausten. Det heldt ikkje heilt inn, men Hareid enda i alle fall (for første og einaste gong) over Hødd på tabellen.

15.07. Hareidsgutar tidleg på 80-talet

Her kjem endå eit fotografi frå Jønsson-arkivet. Dette er eit gutelag beståande av spelarar fødde på slutten av 60-talet og i 1970. Biletet må derfor vere tatt tidleg på 80-talet ein gong - vil vi tru. Via facebookprofilen til Hareid IL veit vi kven karane på biletet er. Men veit nokon årstalet? Bli med i diskusjonen på facebook (du finn link til profilen i menyen til høgre).

15.07. Hareid a-lag 1984

Via Andreas Moldskred i klubbhusstyret har vi fått nokre bilete som Fotograf Jønsson har tatt av ulike lag og personar i Hareid IL opp gjennom åra. Her kjem eit bilete av a-laget vi meiner på må vere tatt sommaren eller hausten 1984. Kjell Tynes starta sesongen som trenar, men slutta ut på våren. Harald Møller leia laget ein periode før han vart assistent under Hans Gisle Holstad, som altså då gjorde comeback (ikkje for siste gong). Holstad og Møller trena også laget i 1985, men den sesongen var ikkje Bjørn Roppen og Kristian Saunes med - så konklusjonen blir at dette biletet er frå 1984. Det året fekk Hareid forresten si til då beste plassering i divisjonssystemet; 4.-plass ei av avdelingane på nivå tre - åtte poeng bak vinnaren Aalesunds FK.

04.07. Smågutelag frå 1983?

I går la vi ut dette biletet som Andreas Moldskred har scanna inn på Hareid IL sin facebookprofil. Følgjarane trur dette er eit smågutelag frå 1983. Spelarane er i alle fall fødde i 1969 og 1970. Trenar oppe til venstre er Trygve "Tryggen" Riise. FOTO: JØNSSON

13.03. Djupdykk i arkivet: Kongen av Grense Jakobselv

Mange har sikkert fått med seg at lokalavisjournalisten Leifen titt og ofte kallar Eiliv-Tore Howlid "Kongen av Grense Jakobselv". Og mange har sikkert høyrt rykte om Eiliv sine prestasjonar som militærfotballspelar ved grensa mellom Norge og Russland. No har vi endeleg også fått beviset på kvifor Eiliv med rette kan kalle seg Kongen av Grense Jakobselv. Artikkelen som er vedlagt vart funnen då hovudpersonen sjølv skulle finne fram passet sitt til ein viss treningsleir i Tyrkia. Så får vi sjå om det er eit russisk lag å møte i Tyrkia, slik vi kan få ein reprise av landskampen frå 1997. 

14.01. Djupdykk i arkivet: Brann på Hareid-kamp

Bak frå venstre: Anders Mork, Kristian Angelsen, Kurt J. Brandal, Eiliv-Tore Howlid. Framme frå venstre: Bjørge Worren, Einar Orten Trovåg, Knut Helge Hovden, Ivar André Aadland, Kevin Aarvik Hestholm, Joachim Røyset, Håkon Orten Trovåg, Georg Rise Gaasø, Svein Dag Slettebakk.
Bak frå venstre: Anders Mork, Kristian Angelsen, Kurt J. Brandal, Eiliv-Tore Howlid. Framme frå venstre: Bjørge Worren, Einar Orten Trovåg, Knut Helge Hovden, Ivar André Aadland, Kevin Aarvik Hestholm, Joachim Røyset, Håkon Orten Trovåg, Georg Rise Gaasø, Svein Dag Slettebakk.

Hausten 2010 vann Hareid 4-0 heime mot Norborg i 3.-divisjon. Nokre hugsar kanskje kampen for at Kim-Tore Husøy scora sitt 100. Hareid-mål. Andre igjen minnest nok best brannen som oppstod bak Hareid sitt innbytarskur. Det var første meint å få litt røykutvikling for å fjerne all myggen i myrane. Men så begynte det å utarte seg. Til slutt gjekk det utover spelarane på bana. Nokre av dei fekk pustevanskar. Andre fekk problm med synet. Historia enda heldigvis godt. Brannvesenet trengte ikkje om å ta turen opp på bana. Kampen vart avslutta på ein forsvarleg måte. Til venstre på biletet ser vi Anders Mork på veg til bålet med det nødvendige utstyret for å sløkkje brannen. 

05.01. 12.-plass på Sunnmørstabellen

Sesongen 2012 vart langt frå Hareid sin lystigaste. Men vi enda om ikkje anna på 12.-plass på Sunnmørstabellen. Her Christer Adrian Mork og Thor-Ove Brekke mot SIF.
Sesongen 2012 vart langt frå Hareid sin lystigaste. Men vi enda om ikkje anna på 12.-plass på Sunnmørstabellen. Her Christer Adrian Mork og Thor-Ove Brekke mot SIF.

30.12. Hareid-fotballen i 2006: Sjå 68 bilete

Det høyrest kanskje ikkje ut som 2006 er så lenge sidan. Men mykje har skjedd. Hareid har fått kunstgrasbane. Ferjesambandet Eiksund-Rjånes er lagt ned. No køyrer vi bil rett til Ørsta. Og vintertreningar på Hareid-grusen har ikkje dei som veks opp i dag ein gong høyrt om. I romjula fann vi eit fotoalbum på eit kott med bilete frå Hareid-fotballen i 2006. Nokre av dei har du sett før her på Hareid-sida og i jubileumsheftet. Men dei fleste har aldri blitt publiserte tidlegare. Trykk på biletet for å sjå alle 68.
PS. 2006 var eit godt år for Hareid-fotballen. A-laget tok bronse i 3.-divisjon. Gutelaget var nære gull, men tapte på målstreken mot AaFK. 13-årslaget tok sølv både inne og ute. Juniorlaget spelte uavgjort mot Hødd i tre av tre moglege kampar. Ballbingen på Hareid vart opna, og kunstgrasbana var under bygging (ferdig i 2007).

27.11. Ni norgesmeistrar frå Hareid totalt?

Åge Hareide, her som Viking-trenar.
Åge Hareide, her som Viking-trenar.

I lys av dei fire hareidsdølane som vann NM-gull med Hødd søndag kom vi til å tenke på kor mange "av oss" som har vunne NM i fotball totalt.

27.07. Djupdykk i arkivet: Hareid sitt første Norway Cup-lag

Bak frå venstre: Einar Elvanes (trenar), Morten Røyset, Jarl Hovden, Mardon Hjelle, Anders Mork, Einar Johan Elvanes, Dag Audun Eliassen, Glenn Thoresen, Odd Elvanes (hjelpetrenar). Framme: Øystein Orten, Stig Bekkemellem, Vidar Landmark, Inge Hareide, Tom Fredriksson, Øystein Alme, Arve Holstad, Jan Kåre Kalland og Lars Mikal Torheim.
Bak frå venstre: Einar Elvanes (trenar), Morten Røyset, Jarl Hovden, Mardon Hjelle, Anders Mork, Einar Johan Elvanes, Dag Audun Eliassen, Glenn Thoresen, Odd Elvanes (hjelpetrenar). Framme: Øystein Orten, Stig Bekkemellem, Vidar Landmark, Inge Hareide, Tom Fredriksson, Øystein Alme, Arve Holstad, Jan Kåre Kalland og Lars Mikal Torheim.

Her kjem eit lagbilete frå første gong Hareid var representerte på Norway Cup. Året var 1978 og Hareid stilte lag i juniorklassen. I første kamp tapte Hareid 1-0 mot svenske Djurgården. Deretter følgde 1-1 mot Heddal og 3-0-siger mot Hobøl. Dermed vart Hareid nummer tre i gruppa og rauk ut på målskilnad. Det var ingenting som heitte b-sluttspel den gongen. 

20.04. På jakt etter lagbilete (eller andre bilete)

Ei utgåve av Hareid junior i 2004, etter ein 5-2-siger mot Spjelkavik II på grusen der inne. Bak frå venstre: Håkon Elias Frøysa Hansen, Gunnar Johann Ringstad, Kjell Roger Skarshaug, Carsten Grüner, Ola Marius Grønmyr Rise. Framme: John André Bjåstad, Joar Møller, Benjamin Reite, Stian Myrene, Erdal Aydin, Robin Jackson Indreflø og Einar Orten Trovåg.
Ei utgåve av Hareid junior i 2004, etter ein 5-2-siger mot Spjelkavik II på grusen der inne. Bak frå venstre: Håkon Elias Frøysa Hansen, Gunnar Johann Ringstad, Kjell Roger Skarshaug, Carsten Grüner, Ola Marius Grønmyr Rise. Framme: John André Bjåstad, Joar Møller, Benjamin Reite, Stian Myrene, Erdal Aydin, Robin Jackson Indreflø og Einar Orten Trovåg.

Fotballgruppa kjem etter denne sesongen med eit jubileumshefte i høve Hareid IL sin 90-årsdag. Heftet skal i hovudsak ta føre seg aktiviteten i gruppa i tidsrommet 1998-2012. Kall det gjerne ein oppfølgar av fotballdelen i 75-årsboka frå 1997. I det høvet er vi på jakt etter lagbilete eller andre bilete, spesielt i åra før internett og digitalkamera slo gjennom for fullt. Det er særleg aldersbestemte lagbilete vi ønskjer, og ikkje minst frå jentelag - slik at det ikkje blir eit for gutedominert jubileumshefte. Scann inn bilete og send til hareidsida@gmail.com. Har du ikkje scanner ta kontakt med EOT.

Forhånd.123456Neste
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR