hareid_il_logo_135.png









 

31.03. DJUPDYKK I ARKIVET: KISSE PÅ LEIT ETTER LOVANDE JUNIORAR

Etter at Hans Gisle "Kisse" Holstad takka ja til å trene Hareid hausten 1978 ville han skaffe seg kjennskap til korleis det stod til med lovande juniorar i klubben. Derfor sende han eit brev til fotballformannen Hallkjell Dahle.

26.10. OPPDATERT ADELSKALENDER FOR A-LAGET

Vagn Scheide Mork (til venstre) er ny mann på toppen av adelskalenderen, etter at Lasse Flø har lege på topp sidan 1993.
Vagn Scheide Mork (til venstre) er ny mann på toppen av adelskalenderen, etter at Lasse Flø har lege på topp sidan 1993.

Då er adelskalenderen igjen oppdatert. Den inkluderer alle kampar sidan 1946. Nytt av året er som vi skreiv laurdag at Vagn Scheide Mork er oppe på topp med 472 kampar. Elles er Eiliv-Tore Howlid oppe på 11.-plass og bør kunne avansere fleire plassar neste år om han spelar fast. Mork og Howlid var dei einaste av dei som fekk speletid i år som er inne på topp 30 på adelskalenderen. Men Joar Møller ligg like utanfor på ein 31.-plass. 

adelskalender_a_lag_e_2015_ferdig_pdf.pdf

26.10. ALLE KAMPPOGRAMMA (OG ALLE HISTORIENE)

Kevin Hestholm (til høgre) har intervjua mange tidlegare Hareid-spelarar i år, og fått dei til å fortelje historier frå si tid i Hareid IL. Desse historiene kan du lese i dei fleste av dei vedlagte kampprogramma.
Kevin Hestholm (til høgre) har intervjua mange tidlegare Hareid-spelarar i år, og fått dei til å fortelje historier frå si tid i Hareid IL. Desse historiene kan du lese i dei fleste av dei vedlagte kampprogramma.

A-laget er ferdige med årets sesong, og det er tid for å oppsummere sesongen på fleire forskjellige måtar. Ein av dei kan vere å lese gjennom alle dei 11 kampprogramma, som du finn i denne saka. I dei fleste av programma serverer Kevin Hestholm artige historier som kan vere verdt å lese éin gong til. Vel bekomme!

heimekamp_10emblem.pdf
heimekamp_11pdf.pdf
heimekamp_2pdf.pdf
heimekamp_3.pdf
heimekamp_4.pdf
heimekamp_5.pdf
heimekamp_6pdf.pdf
heimekamp_7.pdf
heimekamp_8.pdf
heimekamp_9.pdf
kampprogram_heimekamp_1.pdf

24.10. OG SÅ VAR REKORDEN I HAMN

dsc_0009891.jpg

I dagens 2-1-tap heime mot LGFK stod Vagn Scheide Mork 1. omgang i mål for Hareid. Då han gjekk ut i pausen fekk han det synlege beviset på at han har spelt 472 a-kampar for Hareid, flest av alle sidan oppstarten i 1946. Vi gratulerer så mykje! (På biletet ser vi Vagn saman med fotballformann Stian Runne Brandal.)

22.10. VAGN KAN TA KLUBBREKORDEN MOT LGFK LAURDAG

Etter 16 sesongar i a-stallen, mange av dei som kaptein, kan Vagn endeleg ta den gjæve klubbrekorden laurdag.
Etter 16 sesongar i a-stallen, mange av dei som kaptein, kan Vagn endeleg ta den gjæve klubbrekorden laurdag.

Spelar Vagn Scheide Mork mot Larsnes/Gursken FK laurdag tek han ein klubbrekord som har stått i over 22 år.

18.10. OPPDATERT ADMINISTRATIV ADELSKALENDER

Nokre av dei som fekk pokal for x år teneste for fotballgruppa i fjor. Frå venstre: Hans Gisle Holstad, Siw-Monica Brandal, Tor Henning Andersen, Bård Grimstad og Odd Arve Riise.
Nokre av dei som fekk pokal for x år teneste for fotballgruppa i fjor. Frå venstre: Hans Gisle Holstad, Siw-Monica Brandal, Tor Henning Andersen, Bård Grimstad og Odd Arve Riise.

Då er Hareid IL Fotball sin administrative adelskalender igjen oppdatert. Alle som har eitt eller anna verv i fotballgruppa, det vere seg styremedlem, trenar, lagleiar og så vidare, er med her. Dette gjeld altså tale på år ein har hatt eit verv. Ein får ikkje godskrive to år dersom ein har hatt to verv i løpet av eitt år. I ein del tvilstilfelle (til dømes vore med ein halv sesong) er det brukt skjønn. Skulle nokon finne feil, ta gjerne kontakt på hareidsida@gmail.com. PS. Dei som har passert fem, ti eller 15 års teneste i år (ingen har 20. 25 eller 30 denne gongen) får ein liten pokal for innsatsen anten på yngres si haustsamling eller seniorgruppa sin årfest til helga. Er du ein av dei 12 det gjeld og ikkje er til stades på nokon av desse samlinga, ta kontakt med administrasjonen.

adm_adel_2015_pdf.pdf

16.10. STATISTIKKHJØRNET: VAGN TANGERTE LASSE

Vagn etter kampen mot Godøy i går.
Vagn etter kampen mot Godøy i går.
09.07. Djupdykk i arkivet: Hareid i 1977 - eller var det 1978?

I går la vi ut dette biletet på Hareid IL sin facebookprofil. Det har ført til mange debattinnlegg om kva år biletet vart teke. Dei heitaste forslaga seier 1977 og 1978. Det som talar for 1977 er at det vart spelt Hareid-cup det året, det vil seie at Hareid A og B, Brandal og Hjørungavåg møttest til turneringar. Innsendaren av biletet meiner nemleg at biletet vart teke i høve ei slik turnering. Og vi kan ikkje sjå av årsmeldinga at det var Hareid-cup i 1978. Det vi i alle fall veit er at det er mange gode spelarar på biletet. Odd Brandal, som står bak til venstre, var forresten Hareid-trenar både i 1977 og 1978.

01.11. Årets Hareid 2-spelar(ar)

Vi har vel så vidt nemnt det før, men i år vart det faktisk tre brør som vart kåra til Hareid 2-spelar; Hiwa, Honar og Hazhir Alipoor. Dette fordi desse karane har møtt til omtrent alle treningane i år, sjølv om dei var involvert rundt ei rekkje andre lag. Dessutan stilte alle tre opp til meir enn det vi kan forvente av HIL 2-kampar, i tillegg til kampar for a-laget og juniorlaget. Brørne Alipoor var rett og slett ein svært viktig grunn til at vi i det heile klarte å fullføre sesongen i år. Derfor fekk dei prisen - på deling.
Tidlegare vinnarar: 
* 2009: Fredrik S. Bøe
* 2010: Espen Beiermann
* 2012: Antoni Gardshol

01.11. Grimstad årets Hareid-spelar i lokalavisa

Sjølv om Ørjan Engen Grimstad spelte lite for Hareid haust plukka han flest stjerner av Hareid-spelarane i Vikebladet Vestposten. Les meir her.

29.10. Oppdatert adelskalender Hareid 2

Då er adelskalenderen for Hareid 2 oppdatert. HIL 2 har stilt lag i det ordinære seriesystemet i seks sesongar og nytta totalt 142 spelarar. Tre spelarar har vore på bana for dette laget alle seks sesongane; Espen Beiermann, André Egset Nupen og Eiliv-Tore Howlid. Sistnemnde har forresten likevel berre spelt ni kampar for HIL 2. Etter fjorårssesongen var det Beiermann som toppa adelskalenderen. Ny mann på topp i år er Einar Orten Trovåg, som også har vore trenar og lagleiar i tre av dei seks HIL 2-sesongane. 

Adelskalender Hareid II 2013.pdf

Gjer vel i å seie frå om de ser feil.

02.10. Dykk i arkivet: Talentfulle Hareid-spelarar i 2006

2006 er ikkje så frykteleg lenge sidan, men karane på biletet har likevel forandra seg litt sidan den gongen. Vi ser frå venstre Robin Jackson Indreflø (f. 1989), Magnus Giske Snipsøyr (f. 1988), Marius Slettebakk (f. 1989) og Ruben-Kenneth Brandal (f. 1990). Biletet er tatt i høve ein seriekamp på Hareid stadion om hausten. Hareid vann 3-1 heime mot Hødd 2, og alle desse fire unggutane kom på bana. Indreflø er Hareid-spelar i år, og Brandal er i støtteapparatet. Slettebakk bur i Oslo og har lagt opp. Snipsøyr studerer i Danmark og spelar fotball for eit lokalt lag der.

24.09. Djupdykk i arkivet: Feira KM-tittelen i 1979

I 1979 vann Hareid under leiing av Hans Gisle Holstad for første gong KM-tittelen i den øvste krinsserien. I siste kamp vart det 4-0-siger borte mot Sykkylven. Biletet her er frå den kampen, som grunna blaut grasbane gjekk på grus. Hareid vann 4-0 etter mål av Harald H. Rise (2), Leiv Arne Grimstad og Mardon Hjelle. Seinare på hausten tapte Hareid opprykksfinalen mot Åndalsnes etter heile tre kampar. Den siste vart spelt på nøytral bane på Rekdal. Året etter rykte Hareid opp til landsdelsserien (no kalla 2.-divisjon), der dei vart verande frå 1981 til 1990 + 1992.

23.09. Djupdykk i arkivet: Juniorlaget i 1977

Dette biletet er truleg av Hareids juniorlag i 1977 - som spelte i gule bortedrakter mot Bergsøy i Huldalen. Våre facebookfølgjarar trur anten Bergsøy vann 2-1 eller at kampen enda 2-2. Keeper Oddvar Andersson skal ha vore Hareids bestemann.

Spelarane var fødde seint på 50-talet eller tidleg på 60-talet, og mange av dei vart seinare sentrale spelarar på a-laget.

23.09. Djupdykk i arkivet: Småjentelag i 1982

I dag tek vi fram eit arkivbilete frå 1982. Dette er spelarar fødde på slutten av 60-talet, så vi reknar med det var eit småjentelag. Vi har skoga tak i dei fleste namna på spelarane etter å ha lagt ut biletet på Hareid IL sin facebookprofil. Ikkje nøl med å ta kontakt om du veit kven dei resterande er.

20.09. Djupdykk i arkivet
Bak frå venstre: Inger Ann Johansen, Beate Rise Gaasø, Iris Grimstad, Alice Mork, Anne-Karine Knutsen, Turid Follestad, Bente Osnes. Framme: Jorunn Aasmo, Helga Gunn Bøe, Liv Grethe Holstad, Elisabet Riise Pedersen, Synnøve Hansen Sundgot.
Bak frå venstre: Inger Ann Johansen, Beate Rise Gaasø, Iris Grimstad, Alice Mork, Anne-Karine Knutsen, Turid Follestad, Bente Osnes. Framme: Jorunn Aasmo, Helga Gunn Bøe, Liv Grethe Holstad, Elisabet Riise Pedersen, Synnøve Hansen Sundgot.

Andreas Moldskred har sendt oss ein ny dose arkivbilete, så dermed er vi gang igjen med djupdykka. Dette må vere eit damelag fotografert i 1982 etter eit 9-0-tap borte mot Rindals-Troll i NM.

22.07. Djupdykk i arkivet: Damelaget i 1988 (?)

Her kjem eit bilete frå damelaget til Hareid under glanstida på 80-talet. Biletet må ha blitt teke i 1988 eller 1989. Vi hellar litt mot 1988. Då var Svein Dag Slettebakk trenar. I 1989 trena Slettebakk laget saman med Odd Brandal. Uansett veit vi at Hareid i 1988 rykte opp frå nivå tre. Året etter heldt i utgangspunktet Hareid plassen på nivå to. Men idrettslaget valde før 1990-sesongen å flytte laget ned på lågaste nivå. Dermed var glanstida over. Hareid vart krinsmeistrar i dameserien tre gonger på første halvdel av 80-talet før dei begynte å klarte oppover i divisjonssystemet på siste halvdel. Du les meir i historikken vår i menyen til venstre.

Kjenner du namna på spelarane? Og/eller har du ei meining om kva årstal biletet er teke? Ta del i diskjonen på vår facebookprofil eller send oss ein mail.

Forhånd.123456Neste
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR