Skriv ut

15.01. HAREID-HISTORIA

dscn1192.jpg

I høve heftet som kom ut før jul då fotballgruppa fylte 70 år fekk vi nokre spørsmål om kvar ein kan lese "resten" av historia til Hareid-fotballen.

* Heftet som kom ut før jul, "Tid for tilbakeblikk 2", inneheldt ei god blanding av stoff. Først og fremst var det med over 250 bilete frå dei første 70 åra, også eitt frå oppstartsåret 1946. Elles var det ein eigen stor bolk om åra 2013-2016, intervju med sentrale personar opp gjennom åra - og ein meir kurios del med gode historier frå Hareid-fotballen, der også mindre sentrale personar vart intervjua.

Medan seniorlaga har selt alle hefta dei skulle, er ikkje salet blant alle yngres-laga avslutta enno. Så det er framleis mogleg å få kjøpt heftet. Når salet er avslutta blir restopplaget tilgjengeleg for sal frå klubbhuset.

* Heftet "Tid for tilbakeblikk" frå 2012 er derimot utselt. Dette heftet kom ut i høve 90-årsjubileet til idrettslaget det året, men handlar berre om fotballen, og då først og fremst perioden 1998-2012 - pluss nokre glimt frå gamle dagar.

* Det beste dokumentet om historia til heile Hareid IL er definitivt Leiv Arne Grimstad si jubileumsbok frå 1997, året idrettslaget fylte 75 år. Alle idrettane, også dei som ikkje lenger ligg under Hareid IL, fekk sin plass i boka. Her er det historikk, statistikk, bilete, kåseri, med meir.

* Jubileumsheftet frå 50-årsdagen til Hareid IL (Hareid turnlag) i 1972 er ikkje like omfatande som boka frå 1997, men er like fullt interessant lesestoff. Redaktør var Ingolf Håkon Teigene.

** Så vidt vi veit er det lagra restopplag frå både 75-årsboka og 50-årsheftet i eit skap ein eller annan plass på klubbhuset. 

Desse fire bøkene/hefta er altså dei viktigaste dokumenta frå Hareid-fotballen si historie. Men det er også gitt ut andre publikasjonar med interessant stoff.

* Mellom anna kan vi nemne Hareid i skotet-avisene frå 1983 og 1984. Spesielt i 1984-utgåva er det inkludert ein del historikk. 

* Så har vi heftet "Hareidsfotball 1991". Her har Leiv Arne Grimstad skrive svært fyldig om a-laget sine sesongar frå 1976 til 1980. I forordet til den bolken står det at historia om sesongane 1971 og 1976 har kome ut i ein tidlegare publikasjon, men denne har vi aldri sett. Det blir også nemnt at historikk om åra 1981 til 1990 kjem i seinare nummer. Men heller ikkje desse har vi hatt tilgang til.