Skriv ut

13.01. DJUPDYKK I ARKIVET: ÅGE-BESØK GAV BOOST I 2004

Under ein Norway Cup-kamp mellom Hareid G16 II (sjuar) og Stegavik i 2004 sleit Hareid med å få spelet på gli. Men så dukka dåverande landslagstrenar og noverande Danmark-sjef Åge Hareide opp. Og med Åge sin nære slektning Marius Mathia Hareide i spissen slo Hareid om og vann til slutt fortent 3-1. Hareide scora på ei fin heading. Dei andre Hareid-måla kom ved Daniel Pedersen og Anders Sandvik. Trenar var Mika Saarinen.