Skriv ut

28.06. OPPSUMMERING AV A-LAGETS VÅRSESONG - TEKST

Høgdepunktet denne våren var nok 3-1-sigeren på Godøya. Her ser vi Ruben-Kenneth Brandal (7) feire ei scoring.
Høgdepunktet denne våren var nok 3-1-sigeren på Godøya. Her ser vi Ruben-Kenneth Brandal (7) feire ei scoring.

Det har vore ein varierande, men alt i alt god vårsesong. 

Dei første orda som slår oss inn når vi skal oppsummere a-lagets vårsesong er: Varierande, betre enn venta og gode på bortebane.

For å ta det andre først: Hareid var av dei aller, aller fleste tippa på niande- eller tiandeplass i år. Og der kan jo Hareid framleis hamne. Men før sesongen såg vi heller at Hareid skulle opne svakt, for så å kome sterkare etter kvart.

Ulogisk
Det fører oss inn på det første punktet: Hareid har variert veldig. Men laget var betre tidleg i vårsesongen (april og mai) enn seinare (juni). Det kom tre strake tap på rekkje og rad frå starten av juni av, før vårsesongen vart avslutta med ein positiv storsiger på Skodje. Ser vi på kva lag Hareid har møtt i vår hadde det vore meir logisk at laget hadde slite i mai og vore gode i juni. For alle laga Hareid møtte i juni ligg lengre ned på tabellen enn Hareid. I april og mai slo Hareid to av topplaga på bortebane (SIF og Godøy), medan det vart poeng heime mot eit anna topplag (LGFK) og siger heime mot Emblem (eit lag som tek ferie lengre ned på tabellen enn Hareid, men som er venta å kome sterkare etter kvart).

Borte best
Tek vi ein tur innom det tredje punktet, er det sikkert mange som stussar over at Hareid har levert ein bra vårsesong. For dei fleste ser jo strengt tatt berre heimekampane. Og medan Hareid har vunne imponerande fem av seks utekampar, har det vore så som så på heimebane. Kampane mot Langevåg (tap 3-0) og Norborg (1-0) var rett og slett svake av Hareid. Stranda (som vann 2-0) fortente vel Hareid strengt tatt å slå, men fekk det ikkje til framfor Stranda-målet. Mot LGFK leia Hareid 2-0, for så å sprekke på slutten (2-2). Og då står vi igjen med at den einaste verkelege gode heimekampen kom mot Emblem. Då vann eit godt og effektivt Hareid-lag 4-0.

Berre éi signering (men den var viktig)
Går vi tilbake til starten, det vil seie korleis vi trudde Hareid skulle gjere det i år, så kan vi grunngi det litt meir. I løpet av vinteren forsvann både fjorårets beste spelar, Ulrik Wingsternes, og toppscoraren; Georg Eikrem Olsen. Vagn Scheide Mork hadde gitt seg som spelar (eller i alle fall trappa kraftig ned), og Ole Magnus Ljøen Melchior hadde også forsvunne. Inn kom stort sett unge spelarar frå eigne rekkjer, i tillegg til den heimvende sonen Ruben-Kenneth Brandal (etter sju år i Hødd). Men gjennom store delar av vinteren var Brandal ute av trening, så det var ikkje sjølvsagt at han skulle vere så god i vår som det har vist seg at han har vore.

Ny taktikk
Når det gjaldt treningskampane, så var det i grunnen lite som tyda på at Hareid hadde blitt særleg betre enn i fjor (10.-plass). Rett nok spelte Hareid jamt mot både Langevåg og Ørsta. Men absolutt alle 3.-divisjonslag Hareid møtte (Bergsøy, Stryn, Volda, Rollon) vart det stygge siffer mot. Verst var det nok mot Volda, der Hareid kollapsa totalt og sleppte inn det eine målet etter det andre. Men litt ut av intet varta Hareid opp med ein god generalprøve heime mot LGFK. Hareid vann 5-1, og vi fekk sjå fleire prov på bra angrepsspel. Det vart gjort nokre taktiske endringar sidan 2015. Hareid spelte no 4-3-3. Etter nokre år som back var Robin Jackson Indreflø tilbake på kanten. Thor-Ove Brekke vart skulert om til spiss. Venthan Ketheeswaran figurerte som offensiv høgreback. Simon Holstad Grimstad, midtbane i 2014 og ving i 2015, har tatt store steg i si nye midtstopparrolle.

Mista kontinuiteten
Då oppkøyringa starta hadde Hareid ein relativt brei stall. 25 mann var med, av dei 10 gute- eller juniorspelarar. Det betyr at sjølv med fleire fråvær i enkelte kampar utover våren, har det aldri vore noko problem å stille med nok folk til kampane. Men etter at vårsesongen «vart toppa» med ein sterk 3-1-siger på Godøya 26. mai, har nok for mange endringar på laget frå kamp til kamp gått utover samhandlinga. Dei som kjem inn er ikkje nødvendigvis dårlegare enn dei som er ute. Men det seier seg sjølv at fire-fem endringar på laget fire-fem kampar på rad har oddsa mot seg.

Treng fem sigrar til
Uansett skal Hareid vere bra nøgde med vårsesongen sett under eitt. Målet for sesongen er å kome med i den nye 4.-divisjonen som ser dagens lys i 2017. Vi har tidlegare nemnt at 33-34 poeng bør halde til å kome med der (om det ikkje skjer noko spesielt i 3.-divisjon). Så langt har Hareid 19. Om Hareid til dømes vinn fem av 11 kampar i haust, så bør det halde. Dette betyr at Hareid dei første kampane i haust kan spele med låge skuldrer. Så vil opninga på haustsesongen avgjere om det blir meir press på Hareid etter kvart. Enkelte spelarar har allereie hoppa av skuta, og eit par til vil forsvinne etter kvart. Så det blir heilt sikkert nok å ta tak i til hausten også. Så får vi for bygdefolket sin del håpe at Hareid kan få til litt meir på heimebane i haust enn i vår.

Standard lagoppstilling denne våren (kampar i parentes): Sigve Overå Hide (9) – Venthan Ketheeswaran (10), Simon Holstad Grimstad (10), Lars Roar Holstad (7) (Alexander Nevstad (10)), Nauris Driksna (10) – Ruben-Kenneth Brandal (11), Torgeir Skeide (9), Alexander Nevstad (10) (Jon André Thue (8)) – Runar Stranden (10), Thor-Ove Brekke (9), Robin Jackson Indreflø (7).

Andre: Håvard Mork Breivik (5), Ole André Kragset (5), Fredrik Andresen (6), Martinus Røyset Bakken (2), Håvard Knudsen Bjåstad (1), Jon André Skarshaug (2), Gustav Bjørlykke Kløvning (2), Fredrik Lonbakken (3), Joar Møller (5), Ben Buntu (2), Hiwa Alipoor (3), William Valde Bigset (1), Håvard Øvrelid (5), Ola Kalvø Vattøy (4).

Statistikken for vårsesongen