Skriv ut

27.06. STATISTISK OPPSUMMERING AV A-LAGETS VÅRSESONG

Hareid-kaptein Ruben-Kenneth Brandal.
Hareid-kaptein Ruben-Kenneth Brandal.

Ruben-Kenneth Brandal er både toppscorar og stjernekonge. Runar Stranden ligg som vanleg på assist-toppen, men kan få tøff konkurranse frå nemnde Brandal.

Hareid har scora 23 mål og sleppt inn 17 mål.
Heimestatistikk: 1-1-3 (6-8 i målforskjell)
Bortestatistikk: 5-0-1 (17-9 i målforskjell)

Flest mål:
1. Ruben-Kenneth Brandal (7)
2. Thor-Ove Brekke (5)
3. Runar Stranden (2)
3. Jon André Thue (2)
3. Robin Jackson Indreflø (2)
Ingen av desse har tidlegare blitt toppscorar for Hareid. Fjorårets mestscorande var Georg Eikrem Olsen (med sju seriemål). Thue, som står med to mål, har meldt overgang til ÅVK.

Flest assistar:
1. Runar Stranden (6)
2. Ruben-Kenneth Brandal (4)
3. Jon André Thue (2)
3. Ola Kalvø Vattøy (2)
3. Thor-Ove Brekke (2)
Stranden vart assistkonge både i 2014 og 2015. Brandal er næraste konkurrent om denne tittelen i år, ser det ut som.

Flest stjerner:
1. Ruben-Kenneth Brandal (15)
2. Nauris Driksna (7)
2. Simon Holstad Grimstad (7)
4. Robin Jackson Indreflø (6)
Ingen av desse har blitt kåra til årets spelar for a-laget tidlegare.

Flest kampar:
1. Ruben-Kenneth Brandal (11)
2. Runar Stranden (10)
2. Alexander Nevstad (10)
2. Simon Holstad Grimstad (10)
2. Venthan Ketheeswaran (10)
2. Nauris Driksna (10)
Både Stranden og Grimstad hadde karantene den kampen dei mangla.

Totalt er det nytta 26 spelarar i serien. Av desse er heile ti i gute- eller junioralder.