hareid_il_logo_135.png









 

juniorlaget 2013

Ein varierande, men heilt grei sesong i 2013.

Sesongen 2013 begynte med at ny støtteapparat vart sett på plass. Ole Frank Bakken (hovudtrenar) og Kjell Arne Øvrelid (hjelpetrenar) tok over trenarjobben, medan Wenche Jøsok tok på seg lagleiar-rollen. Monica Teigene blei med som medleiar.

Vårsesongen starta med 6-0-siger borte Tjørvåg i ein 9-ar kamp. I årets første heimekamp blei det 8-1-siger mot Spjelkavik. I runde nr. 3 var samarbeidslaget Hovdebygda/Sæbø motstandarar på bortebane. Der vart det 6-2-tap mot eit lag som var utan tvil betre enn oss. Runda etter slo vi like godt tilbake med 3-2 heime mot eit godt Volda-lag. I neste kamp var Ørsta/Vartdal mostandar på bortebane. 1-1 var resultatet til pause, men med eit tidleg baklengs tidleg i 2. omgangen vart det vanskeleg for eit ungt Hareid-lag. Mykje bra spel hjalp ikkje noko, dermed vart det 2-1-tap. I den neste kampen vart det også tap, 2-3, mot eit bra Hasundgot-lag som hadde med seg gode ex-Høddarar. I vårsesongens siste runde var Bergsøy motstandar på bortebane, der Hareid-troppen bestod av berre 12 spelarar der to av dei var keeperar. Begge laga hadde gode startellevar med spelarar frå A-laget, men på papiret var Bergsøy klar favoritt med tanke på breidda i troppa. Men i løpet av kampen viste Hareid mykje godt spel og var nærare enn Bergsøy til å reise heim med alle poenga, men det vart 1-1 som var noko heilt greitt for Hareid. Med 5.plass i avdelinga blei det klart at 3.-divisjon var kamparenaen til juniorlaget i haustsesongen.

Haustsesongen starta med siger borte mot Ravn/Brattvåg, der Ravn viste seg å vere ei tøff oppgåve. Innsatsen og mykje godt spel gjorde at Hareid vann kampen full fortent, 1-3.  I den neste kampen vart det også siger, 5-1 heime mot siger. Det var ein kamp som Hareid punkterte i første omgang og misbrukte mange sjansar i andre omgang. Uansatt; var 5-1 utan tvil fortent. I den neste kampen vart Herd2 knust på heimebane, 7-0 etter rett og slett overkjøring frå start til slutt. Neste kampen var Brattvåg 7-ar motstandar. Det var ein veldig fysisk tøff kamp, der Hareid reiste heim med alle poenga i ein kamp som Ludvig Rasmussen vart sende til sjukehuset. Også i heimekampen tapte Hareid mot Ørsta/Vartdal; denne gangen 2-3. Kampen kunne bikka vegar i andre omgangen, men det var altså bortelaget som tok sigeren. I årets nest siste kamp vart det 10-2-tap borte mot Emblem. Hareid stilte nok ein gang med eit redusert lag og Honar Alipoor måtte tidleg av på grunn av ein kneskade som viste seg å vere ei langvarig skade i etterkant. Sesongen vart avslutta 15-5 heime mot Skodje i ein 7-ar, der Hareid utan tvil var best. Men dei fleste av måla kom etter pausa.

Plasseringar:
G19 2.div avd. 2 vår:          5. plass av åtte lag
G19 3.div avd. 1 haust:      2. plass av åtte lag

Topp 4 mål:
Runar Stranden - 19 
Kristoffer Hasfjord - 9
Ludvig Rasmussen - 7
Fredrik Andresen - 5

Topp 4 kampar:

Hazhir Alipoor – 14 

Lars Bastian Reite – 14 
Runar Stranden, Per Inia Brekke, Emil Hareide - 13

Honar Alipoor, Thanusan Tharumanlingam - 12

Ludvig Rasmussen, Arthur Hareide, Adrian Moldskred Strand - 11

Av HA

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hadarhallen_2020-2021.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR