hareid_il_logo_135.png









 

Juniorlaget i 2012: I nedoverbakke igjen

Etter den gode 2011-sesongen gjekk det verre for Hareid-juniorane i 2012. 

Både Fredrik Aursnes og Håkon Orten Trovåg hadde gått til Hødd, medan 1992-modellane hadde blitt for gamle. I tillegg forsvann interessa blant ein del av 93- og 94-modellane (nokre var med og spelte ein del kampar, medan andre slutta). Så sesongen 2012 vart tyngre enn den føregåande. Vinterkvaliken gjekk dårleg og laget hamna i 2.-divisjon. Og etter våren rykte Hareid ned i 3.-divisjon (første året der det også var 3.-divisjon i juniorserien - om hausten). Rett nok hadde Hareid neppe rykt ned om ikkje Herd 2 nekta å gjennomføre ein av vårkampane og på noko merkeleg vis fekk støtte frå SFK. Hausten gjekk nokså bra, med blant anna siger i alle bortekampane. 

Treningane i 2012 var felles mellom Hareid 2 og juniorlaget. Einar Orten Trovåg leia desse treningane. Gunnar Aursnes var trenar og oppmann for juniorlaget i kamp, med EOT som stand-in. 

Totalt i 2012 spelte juniorlaget 18 kampar. Thanusan Tharumalingam og Ole-Johnny Westerås spelte 17 av dei.

Martin Mork Breivik og Mikal Haanes delte toppscorartittelen med åtte mål kvar.

Spelarar elles: Peder Alme, Ådne Andersen, Fredrik Andresen, Aksel Bakken, Per Inia Brekke, Lars Andreas Dahlen Folkestad, Andreas Fure, Georg Gaasø, Markus Hatløy, Chetnarong Haugen, Alexander J. Indreflø, Marton Muren, Kristoffer Riise, Sujeth, Thathainen, Audun Øvrelid, Honar Alipoor, Hazhir Alipoor, Ludvig J. Rasmussen, Steinar Helvig, Lars Bastian Reite, Alexander Vattøy, Ali Khawari, Alexander Nevstad, Nikolai Hatløy, Erlend Nydal.

I inne-KM gjorde Hareid ein svært god figur og var uheldige som rauk ut i kvartfinalen i Stranda-hallen.

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR