Ganske nøyaktig éin månad etter serien er slutt er EOT klar med årsmeldinga til laget.
Vi har vel så vidt nemnt det før, men i år vart det faktisk tre brør som vart kåra til Hareid 2-spelar; Hiwa, Honar og Hazhir Alipoor. Dette fordi desse karane har møtt til omtrent alle treningane i år, sjølv om dei var involvert rundt ei rekkje andre lag. Dessutan stilte alle tre opp til meir enn det vi kan forvente av HIL 2-kampar, i tillegg til kampar for a-laget og juniorlaget. Brørne Alipoor var rett og slett ein svært viktig grunn til at vi i det heile klarte å fullføre sesongen i år. Derfor fekk dei prisen - på deling.
Tidlegare vinnarar:
* 2009: Fredrik S. Bøe
* 2010: Espen Beiermann
* 2012: Antoni Gardshol