Hareid 2 - 2000
Dette var første gong Hareid stilte med 2.-lag i det vanlege seriesystemet. Trenarar var Sverre Helleseth og Tommy Torsvik, oppmann var Jarle Romestrand. Frå årsmeldinga som Romestrand har skrive kan vi lese at Hareid 2 denne sesongen var eit slags juniorlag. Det var nemleg ikkje grunnlag for å ha eit reint juniorlag i serien dette året. Inkludert a-lagstreningar trena mange så mykje som fire gonger i veka om vinteren. Laget hadde mål om å spele sju treningskampar, men fekk berre til éin; mot Gurskøy. Resultata i serien varierte, men HIL 2 fullførte på ein 4. plass med 40-28 i målforskjell. Ifølgje årsmeldinga var dette over all forventning