hareid_il_logo_135.png









 

DAMELAGET 2013 (FRÅ ÅRSMELDINGA)

Ein svak sesong mot bra motstand.

Trenarar i år var frå starten av dei same som i fjor, Per Inia Brekke og Stian Mork Auberg. Mot slutten av sesongen kom Venthan Ketheeswaran inn som trenar. Lagleiarar var Arnhild Åsmo Bigset og Charlotte Kleppe.

Laget vart i år påmeldt 4.-divisjon (niarfotball). På vårparten vart eit par sentrale spelarar gravide, samtidig som andre slutta – og stallen vart altfor liten. Fleire spelarar måtte hentast opp frå J16 for å kunne stille lag til kampane. Treningsmessig fungerte det noko lunde om våren og dårleg om hausten. Etter eit møte med styret før haustsesongen bestemte vi å gjere eit godt forsøk på å fullføre serien, og damene skal ha all honnør for at dei klarte det (til saman 12 kampar, åtte av dei om hausten).

Hareid spelte éin uavgjort og tapte 11 kampar.

Kristine Husøy vart lagets toppscorar, medan Arnhild Åsmo Bigset vart kåra til årets spelar.

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR