Damelaget 1990
Hareid var no tilbake på det lågaste nivået, 4.-divisjon. Grunnen til det "doble nedrykket" var at Hareid sjølv søkte om det. Fleire sentrale spelarar forlot laget, og eit anna moment var dei høge kostndadane ved å spele i 2.-divisjon.
Anita Waage og Eli-Anne Vattøy gjekk til Spjelkavik, medan Beate Rise og Elisabeth Riise Pedersen tok kvileår.
Anders Mork vende tilbake som trenar. Hareid enda på ein høgst respektabel 2.-plass, eitt poeng bak avdelingsvinnar Tjørvåg. Jorunn Aasmo vart toppscorar, men det at ho "berre" scora 11 mål sa noko om at Hareid sleit i angrep.