Damelaget 1983
Til tross for at Hareid var regjerande krinsmeisterar var det ikkje heilt lett å få tak i trenar for damene. Til slutt tok Sindre Hareide på seg ansvaret.
Dette året var serien eit samarbeid mellom Sunnmøre og Nordfjord. Hareid klarte ikkje å følge opp 1982-sesongen, men andreplass to poeng bak Volda var likevel ein fin prestasjon. I éin av kampane vann Hareid 17-0 mot Hjørungavåg.
Suveren toppscorar denne sesongen var Alice Mork med 31 mål.