Damelaget 1979
Då Hareid sitt damelag vart starta opp var det som eit av dei aller første på Sunnmøre. Trenar var Gunnar Hareide, og laget trena frå mai til september to gongar i veka. Hareid deltok ikkje i seriespel, men det vart gjennomført tre treningskampar pluss kampar mot småguttelaget og bedriftslaget Bygg og Beis.
Hareid vann 3-1 mot Solevåg. To kampar mot Hødd enda med 2-1-siger og 3-1-tap.
Totalt 21 spelarar fekk prøve seg i desse kampane.