Damelaget
Ei utgåve av damelag til Hareid på 80-talet.
Hareid var av pionerane innan damefotball på Sunnmøre, og var med då den første serien vart starta i 1980. Prestasjonane til laget var gode utover tiåret, og toppa seg mot slutten. I 1989 spelte Hareid for første og einaste gong på det nest høgste nivået i landet.
Frå 1990 spelte Hareid berre på det lågaste nivået, med vekslande prestasjonar. I 1998 klarte Hareid berre å stille sjuarlag, og året etter vart det ikkje lag i det heile.
Sidan har ikkje Hareid hatt damelag, sjølv om rekrutteringa på jentesida tidvis har vore god.
Les meir om kvar sesong ved å klikke deg fram på venstremargen.