Hareid B-lag 1992
Hareid B-lag vart dette året krinsmeistrar!
Laget opna med tre tap på dei fire første kampane, men så vann Hareid like godt åtte kampar på rad. Med 5-1-siger i siste runde vann Hareid serien med eitt poeng meir enn Ellingsøy.
Men laget vaks ikkje inn i himmelen. Hareid stilte aldri b-lag etter dette (men seinare på 90-talet kom andrelaga inn i seriesystemet, Hareid for første gong i 2000).
Harald Åsland Riise var spelande trenar for a-laget i 1992, og hadde faktisk same rolle på b-laget (der han spelte 8 av 14 seriekampar). Øystein Hansen var også oppmann for begge laga.