Hareid b-lag 1986
Hareid stilte som året før i den øvste krinsserien for reservelag. 1. plassen frå 1985 vart ikkje følgt opp, men ein 3.-plass bak Hødd og AaFK var absolutt akseptabelt.
Henrik Fjelly og Sindre Hareide var ansvarlege for b-laget denne sesongen. I årsmeldinga står det at b-laget populært vart kalla Europa-laget. Fjelly og Hareide var svært nøgde med a-trenarane sin innsats for b-laget. Dette var viktig for oppfølginga av spelarane.
Kjartan Mork spelte flest kampar denne sesongen (22), medan Tore Hareide scora flest mål (13).