Hareid b-lag 1983
Leiv Arne Grimstad var (spelande) oppmann denne sesongen.
Hareid spelte i 1.-divisjon, og slo til med ein 2.-plass - fem poeng bak Hødd. Hareid leia lenge serien, men fekk vanskar med å få frigitt a-spelarar utover i hausten. I tillegg trappa eit par gode b-spelarar ned.
"Sportsleg sett kan eg ikkje dy meg for å hevde at vi hadde 1.-plassen inne. Men vi rota vekk for mange opplagde poeng i kampar der vi var klart overlegne i spel" skriv Leifen i årsmeldinga.
I siste kamp hadde Hareid B berre ni spelarar, men i siste liten fekk dei tak i a-trenaren (Kjell Tynes) og økonimisekretæren (Gunnar Aursnes) - og Hareid vann like greitt 2-0 i sølvkampen mot Spjelkavik.
Det vart berre spelt obligatoriske kampar dette året.