hareid_il_logo_135.png









 

10.07. Djupdykk i arkivet: Det året det gjekk så bratt

Willy Nesset hadde ikkje det beste utgangspunktet før han gjekk laust på oppgåva som Hareid-trenar i 1998.
Willy Nesset hadde ikkje det beste utgangspunktet før han gjekk laust på oppgåva som Hareid-trenar i 1998.

Hareid a-lag har gjennom 2000-talet vore bortskjemde med stabilitet på trenarsida, ro i spelargruppa og tidvis veldig gode prestasjonar i høve storleiken på klubben. Slik har det slett ikkje alltid vore. På 90-talet skifta Hareid trenarløysing minst éin gong i år, og stabilitet er ikkje eit ord som kjenneteikner denne Hareid-perioden. Verst var det i 1998. Mange spelarar hadde slutta etter den ustabile 1997-sesongen. Det gav ikkje trenar Willy Nesset eit godt utgangspunkt før sesongoppkøyringa. Og det skulle bli brattare enn som så.

Vi har rota litt i arkivet til Vikebladet Vestposten, og fått rydda opp i kva det var som skjedde før og under det som truleg er Hareids verste sesong nokon gong.


Utgangspunkt:
Hareid rykte ned frå 2.-divisjon i 1992, og året etterpå vart det nesten endå eit nedrykk. Berre siger over Vigra i kvaliken ordna ny kontrakt for Otto Sundgots Hareid-lag. Dei tre neste åra heva Hareid seg og vart eit stabilt lag på øvre halvdel i 3.-divisjon. Trenarar desse åra var Hans Gisle Holstad (1994), Bjørn Roppen (1995) og Inge Gjerde (1996). 1997-sesongen var ustabil, og lenge kjempa Hareid om nedrykk. Til slutt vart skuta rodd i land på ein 9.-plass. Arne Sørensen var spelande trenar, men flytta midtvegs i sesongen. Hjelpetrenar Willy Nesset tok over som hovudtrenar ut sesongen. Nesset har lagt ned ein kanoninnsats for idrettslaget gjennom fleire tiår, men vil nok heller bli hugsa som ein dyktig spelar, oppmann og formann (eller for den del ordførar) enn for trenargjerninga hans for a-laget i 1998.
Laurdag 15. november (1997):
 
Vikebladet Vestposten skriv ein artikkel som startar slik: "Hareid IL sitt 3.-divisjonslag i fotball har trenarløysinga for kommande sesong i boks: Willy Nesset held fram som trenar med lagkaptein Nils Peter Skeide som trenarkollega. Løysinga vart presentert under eit spelarmøte på Hareid klubbhus torsdag. Dei aktuelle herre senior- og juniorspelarane tok imot opplegget med akklamasjon. Nils Peter Skeide, som har tilknytt Hareid-miljøet sidan 1991, skal også vere spelar."
 
Vidare i artikkelen står det at Willy Nesset ser fram mot ein spennande sesong, og klubben har bestemt at dei skal satse på spelarar som har gått gradene i klubben. Laget skal trene fire-fem gonger i veka frå nyttår av.
 
Torsdag 20. november:
 
VV slår til med denne overskrifta: "Opprør mot Hareid si trenarløysing". Ingressen lyd slik: "I løpet av helga og dei første dagane denne veka har det utvikla seg eit internt opprør mot den nye trenarløysinga for Hareid IL si a-lagsgruppe i fotball. Dersom ikkje fotballformann Gunnar Aursnes greidde å ro innatt saka under det tillyste krisemøtet i går kveld, vil gruppa gå inn i ei svært vanskeleg tid i møte. I verste fall vil styret "kaste korta"".
 
Kritikken går mot at ingen av trenarane har formell kompetanse. Nesset og Skeide seier dei vil fristille seg dersom spelarane ikkje vil ha dei. Det kjem fram av artikkelen at det er nokre av dei yngste spelarane som ikkje er einig i trenarløysinga. Gunnar Aursnes kommenterer til avisa at dei eldste spelarane har slutta seg til styret sine trenarval. Aursnes misliker tilbakemeldingane frå spelarane, og seier at i verste fall har ikkje Hareid 3.-divisjonslag i 1998.
 
Laurdag 22. november:
 
"Full retrett i Hareid IL", skriv Vikebladet Vestposten. "Det såkalla spelaropprøret svalna der det svall, og spelarane er no samde om å nullstille seg og satse på styret sitt opplegg". Gunnar Aursnes ber Nesset og Skeide svar på om dei vil halde fram som Hareid-trenarar. Willy Nesset seier til avisa at han og Nils Peter Skeide gir fotballstyret eit svar over helga.
 
Torsdag 27. november:
 
Lokalpressa melder at Nils Peter Skeide ikkje held fram i Hareid sitt trenarteam. Men Willy Nesset held fram som trenar, og håper å få med Skeide som mening spelar. Gunnar Aursnes seier til VV at fotballstyret jobbar med å finne ein person som kan dele trenargjerninga med Nesset.
 
Torsdag 4. desember:
 
I same notis som at VV skriv at Hareid har planlagt ein treningskamp mot Larsnes 13. desember, seier Willy Nesset at han trenar laget fram til styret finn ei permanent ordning, d.v.s. ein som kan trene Hareid i tospann med Nesset.
 
Torsdag 18. desember:
 
Treningskampen mot Larsnes enda med 10-1-siger til Hareid, melder VV. Fem gutespelarar og ei rekkje juniorar fekk speletid. Sven-Aslak Veiseth fekk a-lagsdebuten sin. - Eg veit ikkje kva larsnesingane har ete til middag, men uansett var dette lovande av laget vårt, seier trenar Willy Nesset, som ei stund lurte på å sende bod etter Peder Måseide for å få opp gjennomsnittsalderen.
 
Tysdag 6. januar (1998):
 
Vikebladet Vestposten skriv at det er kalla inn til spelarmøte for Hareid kommande onsdag.
 
Laurdag 10. januar:
 
Lokalpressa skriv ingenting om utfallet av spelarmøtet onsdag same veke, men melder at det er snakk om eit "Hjørungavåg/Hareid 2"-lag i 6.-divisjon. I same nummer står det skrive at Anders Mork skal trene Brandal og Odd-Arne Seljeseth skal trene Flø denne sesongen (begge 6.-divisjon).
 
Tysdag 27. januar:
 
I ei tung tid for a-laget kan Hareid-fotballen glede seg over at juniorlaget vann Volda-cupen i Voldahallen helga som var. Johannes Heimtun vart matchvinnar i finalen mot Ørsta.
 
Torsdag 29. januar:
 
Det blir ingenting av samarbeidslaget Hjørungavåg/Hareid 2. Hjørungavåg stiller heller lag i 6.-divisjon for eiga maskin.
 
Torsdag 5. februar:
 
Sigbjørn Skeide får ikkje kontrakt med Hødd, og kan vere aktuell for å trene Hareid saman med Willy Nesset, skriv VV.
 
Laurdag 7. februar:
 
Nils Peter Skeide melder overgang til Hasundgot. Det same kan vere aktuelt for Rune Johansen.
 
Laurdag 14. februar:
 
Sigbjørn Skeide går ikkje inn i Hareid sitt trenarteam. Han kan vere aktuell for spel i Hareid-drakta, men også Bergsøy er interesserte i midtstopparen.
 
Laurdag 21. februar:
 
Det ser ut som at Sigbjørn Skeide takkar ja til å gå inn i Hødd 2 sin stall, i alle fall dersom han får trene litt med a-laget deira.
 
Laurdag 28. februar:
 
VV slår på stortromma med eit stort intervju med Willy Nesset. Det kjem fram at han har fått hjelp til å leie vinterens treningar av Pål Apelseth og Hødd-keeper Vagn Scheide Mork. Nesset slår fast at Hareid har trena godt, og at denne Hareid-generasjonen minner om den klubben fekk fram på slutten av 70-talet. Men Nesset er samtidig redd for at Hareid manglar rutine, sidan både Nils Peter Skeide, Sigbjørn Skeide og Espen Pilskog har slutta. Ein viktig spelar som Eiliv-Tore Howlid kjem tilbake til sommaren etter fullført militærteneste ved Grense Jacobselv.
 
(Oppkøyringa går sin gang, med stort sett berre svake treningskampresultat, og vi gjer eit hopp)
 
Torsdag 2. april:
 
Fotballformann Atle Gjerde går ut i avisa med kritikk mot Hødd, som han meiner hentar inn viktige spelarar frå Hareid for å byggje opp Hødd 2 i same divisjon. Hareid har prøvd å få til ein avtale med Hødd som seier at dei ikkje skal hente spelarar til sitt 3.-divisjonslag frå Hareid, utan å lukkast. Det er tapa av spelarane Sigbjørn Skeide, Ole Petter Slettebakk og Espen Pilskog som svir mest.
 
Tysdag 7. april:
 
Hødd tilbakeviser kritikken frå Atle Gjerde. Hødd sin daglege leiar Hallvar Ulfstein slår fast at dei ikkje har "henta" desse spelarane, og at dei ikkje blir lønna - sjølv om dei ikkje må betale mykje for å vere med som dei var vande med på Hareid. Ulfstein snakkar i same artikkel om at Hødd 2 vil kjempe i toppen av 3.-divisjon, og kan ikkje utelukke at dei rykkjer opp til 2.-divisjon.
 
Torsdag 16. april:
 
Vikebladet Vestposten er ute med sine årlege tabelltips. I 3.-divisjon blir Hødd 2 tippa på førsteplass, og Hareid på 10.-plass.
 
Tysdag 21. april:
 
Hareid taper 4-2 mot Valder i generalprøva. Dag Harald "Dejen" Moldskred og Johannes Heimtun scora for Hareid.
 
Torsdag 23. april:
 
"Dei siste åra har Hareid mist fleire spelarar til Hasundgot enn Hødd. Difor bør Hareid heller ta eit internt oppgjer enn å gå ut i media og kritisere Hødd", skriv Hødd-trenar Einar Magne Skeide i ein (lang) kommentar i VV.
 
Tysdag 28. april:
 
Hareid tapte 2-0 borte mot VRF i serieopninga laurdag.
 
(Hareid taper også dei to neste kampane, og vi gjer igjen eit lite hopp):
 
Torsdag 14. mai:
 
VV skriv at Willy Nesset sist helg stilte plassen sin til disposisjon som Hareid-trenar. Hareid hadde 0-15 i målskilnad etter tre kampar. - Eg er lite glad for det som har skjedd. Willy har gjort ein stor dugnadsinnsats for laget, seier fotballformann Atle Gjerde. Nesset stiller seg til disposisjon grunna dårleg innsats frå spelarane og ei dårleg tilrettelegging frå styret si side - og ikkje dei dårlege resultata. Ottar Pilskog tar over som mellombels trenar dei neste 14 dagane.
 
Laurdag 16. mai:
 
Willy Nesset seier til lokalavisa at han trass i å ha stilt plassen sin til disposisjon håpte å vere med i ei eller anna rolle vidare. Men styret "katta han".
- Eg er mest skuffa over at dei spelarane eg trudde mest på, og som eg gjerne ville ha gått i krigen for, var dei som ville ha ei ny ordning, seier Nesset.
 
Tysdag 19. mai:
 
Hareid tapte 1-0 borte mot Bergsøy fredag. Espen Åkervik vart utvist etter to gule kort. Ottar Pilskog rosar spelarane for god innsats.
 
Torsdag 28. mai:
 
VV melder at Ottar Pilskog blir Hareid-trenar ut vårsesongen, med Svein Dag Slettebakk som hjelpetrenar.
 
* Og der avsluttar vi. Pilskog og Slettebakk heldt fram som trenarar ut året, og klarte å få inn litt meir tæl i laget. Men det enda med null sigrar, to uavgjorte kampar og 20 tap. Med andre ord eit soleklart nedrykk til 4.-divisjon. Heldigvis markerte 1999-sesongen starten på ein ny og betre Hareid-periode. Då var også Willy Nesset tilbake i miljøet - som formann.
 
|
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR