13.07. Djupdykk i arkivet: Droppa psykologen, ville til Hareid
Året var 1993, og Hareid sleit med å prestere i 3.-divisjon. På den andre sida av Hareidseidet sat Bjørge Worren og var misnøgd med tilveret i 1.-divisjonsklubben Hødd. Dei føregåande sesongane hadde spissen fått ein god del speletid i Hødd, men denne sesongen fekk han minimalt med tillit av trenarane Knut J. Ertesvåg og Einar Magne Skeide. Det heile toppa seg då Hødd skulle ha besøk av ein psykolog før ein kamp der Worren ikkje var tatt ut i troppen. Worren valde å forlate psykologmøtet, og varsla i lokalavisa at han ville gå til Hareid.
Det vart ingenting av den aktuelle overgangen til Hareid denne gongen heller for Worren. Også i 1990 var han så godt som klar for raudtrøyene, men det heile stranda i siste liten. Bjørge Worren skulle likevel etter kvart markere seg mykje i vår klubb, som spelar (1995-1996), spelande trenar (1999), spelar (2000-2001) og trenar (2010-framleis).
PS. Det kjem fram av artikkelen at Worren var ein gammal Hødd-spelar. Vel, han fylte 22 år i 1993...