01.10. Litt inspirasjon i sesonginnspurten
Tre rundar står att av årets 4.-divisjon for menn. Hareid hadde verken før sesongen eller midtvegs i sesongen amibisjonar om opprykk, men no ligg det slik til at sjansane er der for å ta ein KM-tittel og klatre opp ein divisjon. Tøft blir det uansett. Langevåg-leiren uttala i dagens utgåve av Sunnmørsposten at dei mobiliserer max for å vinne avdelinga, og dei gulkledde ventar på at Hareid skal gjere eit feilskjer om ikkje lenge. Så spørst det om dei kan få hjelp av veslebror MSIL, som kjem på besøk til Hareidsmyrane stadion fredag førstkommande.
Som litt inspirasjon i sesonginnspurten har vi scanna inn det Vikebladet Vestposten skreiv og fotograferte etter at Hareid rykte opp hausten 1991.
Lagt ut: 1. oktober 2011