Dykk i arkivet: "Fotball-enkene"
Leiv Arne "Leifen" Grimstad (med den største pokalen) har skrive artikkelen, eller skal vi seie kåseriet, "Fotball-enkene", der han fortel om fordelar og ulemper ved å vere fotball-enke. Dei andre på biletet er forresten (frå venstre) Anders "McQueen" Mork, Jon Olav "Dennis" Slettebakk, Lars Atle "Lasse" Flø, Odd "Jogge-Odd" Elvanes og Dag Audun "Kommunepolitikaren" Eliassen.
Det går mot slutten av ein lang sesong, og dei med fast følgje kjenner kanskje litt på at følgjet begynner å glede seg til at sesongen snart er slutt.
I det høvet har vi tatt eit djupdykk i arkivet. Vi serverer her eit utdrag frå artikkelen "Fotball-enkene", som vi har funne i avisa "Hareid i skotet" frå 1984. Artikkelen er signert Leifen.