14.09. Då Hareid møtte Molde
I desse tider med cupfeber og Molde-dominans på alle frontar passar det fint å legge ut programbladet frå då Hareid og Molde møtte kvarandre i NM 1984. Molde var eitt av Norges beste lag på den tida, og hadde mellom anna hareidsdølen Åge Hareide i rekkjene. I tillegg til mange andre profilar, som du ser på det scanna programbladet. Hareid spelte i det som no heiter 2.-divisjon og tapte 4-0 i det som var ein 2. runde-kamp i NM. Hareid hadde slått ut Hødd i 1. runde. To gonger gjennom historia har Hareid spelte i cupens andre runde. Det andre høvet var i 1992. Takk til lesaren som har scanna inn og sendt oss programbladet.