1964
1964-utgåva av Hareid.
Hareid opplevde sitt andre strake nedrykk. No bar det heilt ned i 6.-divisjon, etter å ha komme nest sist med 11 poeng (jumbo Embelmsbygda hadde 10 og serievinnar Stordal 20). Nedrykket hadde nok mykje å gjere med låg oppslutning rundt treningane før sesongen.
Talentet Hans Gisle Holstad vart toppscorar med 10 mål saman med Eivind Øvrelid.
Heile 38 spelarar fekk prøve seg denne sesongen.