1957-1958
Frå hausten 1957 blir seriesystemet lagt om, slik at 1.-divisjon (hovudserien) er det øvste nasjonale nivået, og det som før var 1.-divisjon har blitt 3.-divisjon.
Denne hausten spelar Hareid i 4.-divisjon. Det blir to sigrar og fire tap. Våren 1958 vart treningane utsette. Hareid sende ein førespurnad til krinsen om å skaffe trenar til laget, utan å lukkast. Hareid vinn éin kamp og blir nummer fire av sju lag.