1953-1954
Hareid var ikkje akkurat i skotet, og leverte nok ein svak sesong. Det enda med nest sisteplass i 2.-divisjon. 75-årsboka gir oss nokre døme på den låge interessa for laget i 1954. "Då dei skulle ta til med innandørstrening 29. januar møtte berre to mann. Då løpetreninga vart annonsert frå 19. mars og utover kom sju-åtte mann, og oppslutninga vidare utover året var dårleg".